Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017

Dvergspurv på foringsplassen

Jeg har i dag hatt besøk av en dvergspurv på foringsplassen i hagen på Frøyland i  Sokndal. Den holdt seg  der hele dagen, helst litt i utkanten under busker og trær, mens arter som bjørkefink, grønnfink, kjernebiter, gråspurv, grønnsisik og gråsisik dominerte i og under fuglemateren.

Den klarte seg også heldigvis godt etter et par angrep av en sulten spurvehauk!

  • Bjørn Erik Paulsen
  • 28. desember 2010

Blåmeis

Var ute og fotograferte her om dagen og fekk tatt nokre bilete av Blåmeis. Det var ikkje bra lys så eg var ikkje heilt førnøgd med resultatet då eg sjekka på kameraet. På PC'n var det eit heilt anna resultat. Det er ein heilt utruleg blåfarge på Blåmeisen...

John

  • John Grønning
  • 27. november 2010

Havørn!

Når frosten kjeme og småvatnene fryser til, så er det gode sjanser for å få sjå Havørn i Fotlandsvatnet. Dei siste vekene har det blitt sett opptil 7 Havørner i Fotlandsvatnet og på Tengesdal.

På fredag kjørte eg innom Fotlandsvatnet for å ta ein sjekk før helga. Eg blei gledeleg overraska då eg talte 11 havørner. Fleire av dei var i lufta og ga flotte oppvisningar i lufta.

  • John Grønning
  • 27. november 2010

Styremøte 17. november 2010

Saker til behandling:

  1. Programmet for våren 2011.
  2. Planlegging for 25 års jubileum for Nof Dalane.
  3. Julebord i Januar.
  4. Høring angående sentral kontingent.
  5. Dugnad på fyret.
  • Rune Edvardsen
  • 23. november 2010

Hagefugltelling

Vinteren er snart her og fleire er igang med foring av hagefuglane. Det er også viktig å registrere observasjonane på artsobservasjoner.no og på fuglevennen.no under fanen fugleforing.

  • John Grønning
  • 6. november 2010

Medlemsmøte på torsdag

Møtet blir på NAV-kontoret i Årstaddalen kl 1830

Styret

  • John Grønning
  • 3. november 2010

Sidensvans i hundrevis!

I går var eg på Eigerøy og sjekka om det var ilanddrevne sjøfugl. På veg heim måtte eg innom på Perrongen eit ærend. Då eg kom til rundkjøringa der så kjørte eg inn i ein sverm av Sidensvans! Det var hundrevis av fugl i buskene der. Annslagsvis 1500 fugl svirra rundt på parkeringsplassen og i hagene på oppsida av vegen. Kjørte ein kjapp runde over deler av Husabø/Rundevoll/Prstadalen og deler av Havsøyne. Fant 2 flokker på rundt 500 og fleire småflokker. Kor mange Sidensvanser det egentlig var i Eigersund i går er uvisst men det var ikkje få!

Roald Børve hadde i tillegg 300 stk på S-Eigerøy.

  • John Grønning
  • 24. oktober 2010

Opprop BRUSHANE!!

Hei!

NOF ønsker innrapportert observasjoner av Brushane i forbindelse med årets fugl.

Er det nokon som har gjort observasjoner av Brushane i Dalane i løpet av 2009 eller 2010???

Send observasjonane asap til underteikna på mail: johgroe&yahoo.no

Bytt ut & med @

John

  • John Grønning
  • 16. oktober 2010

Kvitsøyturen på søndag

Oppmøte på Kosen Cafe på Tengs søndag morgen. AVREISE SEINAST klokka halv 7.  Ferga går kl 9 frå Mekjarvik.

Kontakt Ivar for meir detaljer.

  • John Grønning
  • 12. oktober 2010

Møte på torsdag

Rune Karlsen frå Sandnes kjem og viser bilder. Han har mange fine bilder frå rundt om i Norge.

Møtet starter som vanlig 1830 på rådhuset i Eigersund

  • John Grønning
  • 4. oktober 2010

EuroBirdwatch 2010 går av stabelen 2.-3. oktober

BirdLife over hele Europa setter fokus på fugleopplevelse og fugletellinger første helga i oktober. Det blir flere hundre arrangementer med mange tusen deltakere i EuroBirdwatch (EBW). NOF oppfordrer sine medlemmer til å se på fugler denne helga. Deretter anbefaler vi at registreringene legges inn på Artsobservasjoner.

  • John Grønning
  • 23. september 2010

Møtane denne hausten

Møtane denne hausten blir på rådhuset i Eigersund som vanleg. Dei starter 1830.

  • John Grønning
  • 28. august 2010

Programarket høsten 2010

Tema på framsiden: "Åpning av utstilling om Fuglestasjonen på Eigerøy fyr".

  • Redaksjonen
  • 30. juli 2010

Rovfugltellinger i haust

Også i haust blir det tellinger av rovfugler frå Gjersdal i Lund. Gunnar Skjerpe vil telle ved anledning frå 7. august. Han kan treffast på 90750530. Spesielt i august er det gode sjanser for å få sjå vepsevåk.

  • John Grønning
  • 8. juli 2010

Ringmerking i Gådå

Mandag kveld var eg i Gådå og ringmerka. Resultatet blei 41 Linerle, 1 Røyrsanger og 1 Lauvas. Det var eindel Sandsvaler og nokre låvesvaler i lufta men dei gjekk ikkje ned i kanalen.

Hadde også ei sannsynleg Gulerle over nettet.

  • John Grønning
  • 8. juli 2010

Åpning av utstilling om fuglestasjonen

23.5 var det klart for opninga av utstillinga om fuglestasjonen. Siste finpuss blei gjort på søndag morgen og alt var klar til opninga. Det var ikkje så mange frammøtte med opninga. Utstillinga, som er 12 store plansjer montert i montere, er plassert i maskinrommet i fyrste etasje på fyret. Jone C. Omdal, som har laga utstillinga, sto for opningstalen der han fortalte om grunnlaget for denne utstillinga. Ivar Sleveland og Johan Tore Rødland retta samtidig ein stor takk til Eigersund kommune for samarbeidet me har med dei.

Det blei etterkvart bra med folk som kom utover. Kafeen var open og salget av mat såg ut til å gå strålande.

Me håper denne utstillinga vil gje folk eit innblikk i kva fuglekikking er for noko.

  • John Grønning
  • 25. mai 2010

Smålom...

18.5.2010 vil for alltid sitte spikra i minnebanken min. For ein med sterk lidenskap for sjøfugl, så var dette ein spesiell dag. Vermeldinga lova NV laber/frisk bris, mulig liten kuling. Dagen før hadde det trukket bra med Smålom forbi Skagen i Danmark. Dei fleste av desse trekker nok inn over Sverige på veg mot russiske hekkeplasser, men det synte at det var lom på trekk..

Eg gjekk ut tidleg på morgonen og satte meg i trappa på fyret ca 0545. Dei fyrste 15 minuttane var det lite som trakk. Rett over 6 løysna det og lommane kom trekkande forbi. Vindstyrken var som lova, men vindretninga var meir på nordaust, noko som gjorde at lommane trakk lenger ute på sjøen. Det gjekk likevel bra med Smålom om enn langt ute. På det meste hadde eg 4 flokkar med tilsaman 40 lom i synsvidda! Fram til eg slutta og telja klokka 11.00 hadde det passert 430 Smålom! Solid ny rekord. Det trakk også andre sjøfugl utan dei store antalla. Total artsliste for dagen blei på over 50 arter.

Det er registrert bra antall med trekkande Smålom også andre år på fyret. I løpet av dei 20 åra med har hatt drift på stasjonen, så har det vore 6 dager med over 200 Smålom. Høgaste notering tidlegare var 295 Smålom 2.5.2009 og 264 ind 15.5.2006. 

Legger med eit steminingsbilete for soloppgangen..

  • John Grønning
  • 20. mai 2010

Åtselgribben i Bjerkreim igjen!

Åtselgribben dukka som kjent opp igjen laurdag 8.5. Det var ein bonde på Oremoen som ringte meg og fortalte at gribben var sett på jordet hans. Fuglen blei ikkje sett igjen før meg og Rune fant han igjen på kvelden. Det var vel 20-25 personar som rakk å sjå han før det blei for mørkt. På søndagen var det jamnt sig av folk innom og fekk sett Åtselgribben. Mandagen var gribben sjeldan på vengene i snøveret og han blei ikkje sett igjen på tirsdagen. Kanskje har vergudane skremt han sydover igjen?

  • John Grønning
  • 16. mai 2010

Åtselgribb i Bjerkreim!

På søndag kom meldinga om at det var sett ein Åtselgribb over matningsdal i Hå. Sjokkbølga slo innover fuglafolka! Sanselaust.

Fuglen blei ikkje sett igjen den dagen eller mandagen. Heller ikkje tirsdagen blei gribben sett, før i halv 10 tia på kvelden. På morgenen sto det fleire folk på Lassaskaret og venta i håp om at gribben sko dukka opp. I halv 10 tida skrudde Åtselgribben opp frå område mellom Homsevatnet og Skinnansfjellet før han trakk over Brusali og karten til vill jubel frå dei som fekk oppleva han. Ei kort oppvisning i 12 tida var siste syn av fuglen før han forsvant i ukjent retning.

  • John Grønning
  • 7. mai 2010

Lokallagstur til Eigerøy

Denne helga er det tid for den årlege vårturen til fyret.
Det er folk der ifrå i kveld og det kjeme fleire folk ut i løpet av morgendagen. Det vil bli ringmerking om verforholda tillater det. Vermeldinga for helga ser lovande ut med svake vinder frå nordvest, noko som bør gje bra antalla av lom og joar.
Møt opp!

  • John Grønning
  • 7. mai 2010

Tidlig strandsnipe

En observasjon av strandsnipe ved Bakkaåno i Sokndal søndag 18.april må være tidlig i denne kalde våren!

  • Bjørn Erik Paulsen
  • 20. april 2010

Turforslag til helga

Vedlagt er eit turforslag til helga. NOF er på stand frå 11-16 kvar dag.

  • John Grønning
  • 15. april 2010

Vipeoppdatering Lund

Ein rundtur i Lund ga heller nedslåande resultater. Kun 1 par fant eg, på Tekse på Ualand. Eg trur eg fekk med meg alle jordane frå Lundevatnet til Rusdal og Heskestad til Ualand.
Har høyrt igjen vipene på Tengesdal dei siste dagane. Det var gjildt å høyra dei igjen då eg kom ut den eine morgonen.
På Eigerøy ser det ut til å vere 10-20 territorier frå Skadberg og utover.

  • John Grønning
  • 14. april 2010

Referat frå spetteturen

1 dame og 16 karar stilte i Moi sentrum kl 6.15 søndag med håp om reprise på fjorårets suksesstur som inneheldt haugevis av spetteobservasjoner og ein spelegal tiur. Turen gjekk sørover langs Lundevatnet med 2-3 avstikkarar.

  • Roald Lomeland
  • 12. april 2010

Rapporter vipeobservasjonar!

Dei 3 siste dagane har eg vore ute og leite etter Vipe i Bjerkreim og delar av Eigersund. I Bjerkreim har eg funne viper på 3! plasser. På Tengesdal ser det dessverre ut til at dei har forsvunne igjen. Totalt har eg funne 4 spillande vipehanner i Bjerkreim desse dagane. På Slettebø i Eigersund blei det talt nærmare 10 territorie. Dessverre ser dette ut til å vere eit av få lyspunkt i Dalane.

  • John Grønning
  • 11. april 2010

Spettetur til Lund

11.april er det klart for NOF-Dalane sin spettetur til Lund. Oppmøte blir med rådhuset på Moi kl 0615.
For dei som ikkje vil stå opp så tidleg er det mogleg å henge seg på utover morgenen.
Det er imidlertid full gang på sangfuglane og spettane frå grålysninga.

Turen starter på rådhuset. Pga smal veg prøver me å samla folk i færrast mogleg biler.
Turen følger denne ruta

Turleder er Gunnar Skjærpe og kan treffast på 90750530

Vel møtt!

  • John Grønning
  • 8. april 2010

Åpning av utstillingen om Eigerøy Fuglestasjon

Hei!
Den 23.mai blir det offisiell åpning av Utstillingen om Eigerøy Fuglestasjon. Jone C. Omdal har laga ein flott utstilling om aktiviteten på fuglestasjonen. Denne er plassert i nederste etasje på fyret.
Egersund Blåseorkester skal holde konsert denne dagen, i tillegg til at kafeen er åpen, så det blir sikkert møje folk om været blir brukandes.
Håper flest mogleg har anledning til å møte opp og reklamere for fuglestasjonen denne dagen.
Sjå også eigersund.kommune.no for program og meir info. (info kjeme i løpet av veka)
For styret
John

  • John Grønning
  • 23. mars 2010

Vårtrekket er i gang!

"Uvant" å gå ut til fyret på snøfri veg etter nær 3 mnd med snødekke! Svært lite spurvefugl men desto bedre på sjøen. Tjelden trakk i antall, heile 1101 blei totalsummen!
Det trakk også bra med havsule, skarv og litt ender. Då eg hadde pakka i saman og sko til å gå innover, så dukka Jone Omdal med kollegaer for å montera monterane til utstillinga i fyret. Speida utover mens me drøste og plutseleg kom ein Gulnebblom trekkande nordover.
Gjekk innover på vestsida og fant fjør etter 1 dau Hornugle, 2 Jordugler og 2 Svarttrost. Kanskje har dei daua av sult og snødd ned?
Totalt 36 arter i dag.
Total artsliste ligger på artsobservasjoner.no

  • John Grønning
  • 16. mars 2010

Sørlige Afrika

I september 2009 fikk jeg muligheten til å oppleve noen gode og fuglerike uker i Malawi og på Kapplandet i Sør-afrika. På møtet 8. april viser jeg bilder fra denne reisen. På Kapplandet er det flere endemiske arter, f.eks. solfuglen som vises her.

  • Leif Arne Lien
  • 15. mars 2010

Vinterforing

Foringsplassen på Låvaberget i Vannbassengane har også i vinter vært meget populær,- både for fugler og turgåere. Årets lange og harde vinter har krevd hyppige påfyll i solsikkeautomaten og også talg og meiseboller har gått raskt unna.

  • Leif Arne Lien
  • 9. mars 2010

Kjernebiter og stillits i snøen

Søndag 21. februar hadde jeg hele 6 kjernebitere ved foringsautomaten, dessuten ble det hørt 2-3 stillits i samme område.

  • Bjørn Erik Paulsen
  • 23. februar 2010

Polarmåke ved Eigerøy fyr

Underveis til fyret i dag, søndag 14 februar - hadde jeg en stopp i trappa ved linken. Måtte telle og sjekke ca. 400 gråmåker og ca. 45 svartbaker rastende i fyrområdet. Ganske snart fikk jeg øye på ei helt lys måke som lå for seg selv i sjøen like innenfor innseilingen. Heiv opp teleskopet og kunne kjappt registrere årets første Polarmåke (2K) ved fuglestasjonen, og min første observert her ute. Ble sett også i flukt og sittende på isen.

Fikk også studere ei ung havørn som satt sør for fyret i ca. 45 min. før ørna lettet og fløy nordover lavt mellom fyret og stasjonshytta. Fikk noen halvslarvne bilder. Egil Mong. Gunvor og Arne Hadland fikk også sett ørna på nært hold.

Dagens observasjoner: 1 storlom, 1 islom, 12 toppskarv, 6 storskarv, 1 gråhegre, 1 Knoppsvane, 2 stokkand, 2 bergand, 65 ærfugl, 3 svartand, 2 sjøorre, 18 kvinand, 14 siland, 1 havørn, 2 fiskemåke, ca. 400 gråmåke, ca. 45 svartbak, 7 alke, 1 skjærpiplerke, 1 kjøttmeis, 5 kråke, 4 ravn og 1 grønnfink.

  • Ivar Sleveland
  • 14. februar 2010

Mandarinanda

Ei Mandarinand har vore ved Eikunda den siste veka. Ein utruleg flott fugl.

  • John Grønning
  • 7. februar 2010

Isfuglen

To bilder av isfuglen som var i bjerkreim første veka i januar.

  • John Grønning
  • 18. januar 2010

Kattugle i sjøhus!

Eg fekk telefon angåande ei ugle som hadde kome seg inn ei sjøbod på Eigerøy. I lag med Rune svingte eg innom for å sjekka kva art det var snakk om. Det synte seg fort at det var snakk om ei Kattugle. Då var spørsmålet om hu var ringmerka. Etter fleire forsøk på å fanga ugla, fekk me tilslutt fanga hu. Det synte seg at Kattugla var ringmerka av Ivar Sleveland i Kontrari i Egersund 15.5.09.

  • John Grønning
  • 18. januar 2010

Årsmelding NOF-dalane 2009

Her er årsmeldingen for 2009

På vegne av sekretæren..
John

  • John Grønning
  • 18. januar 2010

Programarket våren 2010

Tema på framsiden: "Fuglekikking og registreringer = kjekt året rundt".

  • Redaksjonen
  • 10. januar 2010

Bilde av Vinterjunkoen i Grimstad

Bare eit bilde av Junkoen :-)

  • John Grønning
  • 5. januar 2010

Kald januartur til Fyret.

Kom meg ikke ut før 3 januar i år, pleier å være den 1. Men tror det var et godt valg av dag likevel. Selv om der var 4-5 kalde grader,så var artsresultatet ganske bra, stille og fint vær laget gode lytte og skådeforhold. Helt dødt av bevegelser på havet, men mye liv innaskjærs. Litt artig å se på en sel som jafset i seg store munnfuller av en stor fisk, med sultne måker like ved.

Stilig også med en ung havørn som lettet fra kaien ved krana i hagen, idet jeg rundet husveggen. Fant rester etter måltidet som trolig var ei kvinand hunn. Dagens logg:

Dvergdykker 1, toppskarv 10, Storskarv 5, Gråhegre 3, Knoppsvane 7(4ad.3 1K) Bergand 10, Toppand 5,Ærfugl 22, Svartand 2, Sjøorre 3, Havelle 1, Kvinand 23, Laksand 1, Siland 28+, Havørn 1 Gråmåke 25+, Svartbak 6, Skjærpiplerke 2, Gjerdesmett 2, Fuglekonge 2, Gråtrost 2+, Kjøttmeis 1+,
Toppmeis 1, Skjære 1, Kråke 4, Ravn 3, Stær 2+, Bjørkefink 1,
Grønnfink 1, Grankorsnebb 5+, og Sivspurv 1.
Stokkand 5,

  • Ivar Sleveland
  • 3. januar 2010

Isfugl i Gådå

Fekk telefon i dag frå Dag Norman Sværi om at det var Isfugl i Gådå. På det tidspunktet passerte meg og Rune E mandal på retur etter å ha vore i Grimstad og sett på vinterjunkoen der. Etter å ha sluppet av Rune, kjørte eg direkte til Gådå og fekk sett og høyrt Isfuglen! Vannriksa var også på plass i sivet.

  • John Grønning
  • 2. januar 2010

Rørdrum på Hellviksvatnet

Fekk telefon i dag angåande ein Rørdrum som blei sett i 3-tida i går ettermiddag på Hellviksvatnet på Hellvik. Fekk oversendt bilder via Ivar og har lagt dei ved her.
Observatør er Rune Slettebak.

  • John Grønning
  • 1. januar 2010
Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017