Kattugle i sjøhus!

Publisert: John Grønning Mandag  18. januar 2010

Eg fekk telefon angåande ei ugle som hadde kome seg inn ei sjøbod på Eigerøy. I lag med Rune svingte eg innom for å sjekka kva art det var snakk om. Det synte seg fort at det var snakk om ei Kattugle. Då var spørsmålet om hu var ringmerka. Etter fleire forsøk på å fanga ugla, fekk me tilslutt fanga hu. Det synte seg at Kattugla var ringmerka av Ivar Sleveland i Kontrari i Egersund 15.5.09.