Rovfugltellinger i haust

Også i haust blir det tellinger av rovfugler frå Gjersdal i Lund. Gunnar Skjerpe vil telle ved anledning frå 7. august. han kan treffast på 90750530. Spesielt i august er det gode sjanser for å få sjå Vepsevåk.

John Grønning( 8. juli 2010 )

Ringmerking i Gådå

Mandag kveld var eg i Gådå og ringmerka. Resultatet blei 41 Linerle, 1 Røyrsanger og 1 Lauvas. Det var eindel Sandsvaler og nokre låvesvaler i lufta men dei gjekk ikkje ned i kanalen.

Hadde også ei sannsynleg Gulerle over nettet.

John Grønning( 8. juli 2010 )

Åpning av utstilling om fuglestasjonen

23.5 var det klart for opninga av utstillinga om fuglestasjonen. Siste finpuss blei gjort på søndag morgen og alt var klar til opninga. Det var ikkje så mange frammøtte med opninga. Utstillinga, som er 12 store plansjer montert i montere, er plassert i maskinrommet i fyrste etasje på fyret. Jone C. Omdal, som har laga utstillinga, sto for opningstalen der han fortalte om grunnlaget for denne utstillinga. Ivar Sleveland og Johan Tore Rødland retta samtidig ein stor takk til Eigersund kommune for samarbeidet me har med dei.

Det blei etterkvart bra med folk som kom utover. Kafeen var open og salget av mat såg ut til å gå strålande.

Me håper denne utstillinga vil gje folk eit innblikk i kva fuglekikking er for noko.

John Grønning( 25. mai 2010 )

Smålom...

18.5.2010 vil for alltid sitte spikra i minnebanken min. For ein med sterk lidenskap for sjøfugl, så var dette ein spesiell dag. Vermeldinga lova NV laber/frisk bris, mulig liten kuling. Dagen før hadde det trukket bra med Smålom forbi Skagen i Danmark. Dei fleste av desse trekker nok inn over Sverige på veg mot russiske hekkeplasser, men det synte at det var lom på trekk..

Eg gjekk ut tidleg på morgonen og satte meg i trappa på fyret ca 0545. Dei fyrste 15 minuttane var det lite som trakk. Rett over 6 løysna det og lommane kom trekkande forbi. Vindstyrken var som lova, men vindretninga var meir på nordaust, noko som gjorde at lommane trakk lenger ute på sjøen. Det gjekk likevel bra med Smålom om enn langt ute. På det meste hadde eg 4 flokkar med tilsaman 40 lom i synsvidda! Fram til eg slutta og telja klokka 11.00 hadde det passert 430 Smålom! Solid ny rekord. Det trakk også andre sjøfugl utan dei store antalla. Total artsliste for dagen blei på over 50 arter.

Det er registrert bra antall med trekkande Smålom også andre år på fyret. I løpet av dei 20 åra med har hatt drift på stasjonen, så har det vore 6 dager med over 200 Smålom. Høgaste notering tidlegare var 295 Smålom 2.5.2009 og 264 ind 15.5.2006. 

Legger med eit steminingsbilete for soloppgangen..

John Grønning( 20. mai 2010 )

Åtselgribben i Bjerkreim igjen!

Åtselgribben dukka som kjent opp igjen laurdag 8.5. Det var ein bonde på Oremoen som ringte meg og fortalte at gribben var sett på jordet hans. Fuglen blei ikkje sett igjen før meg og Rune fant han igjen på kvelden. Det var vel 20-25 personar som rakk å sjå han før det blei for mørkt. På søndagen var det jamnt sig av folk innom og fekk sett Åtselgribben. Mandagen var gribben sjeldan på vengene i snøveret og han blei ikkje sett igjen på tirsdagen. Kanskje har vergudane skremt han sydover igjen?

John Grønning( 16. mai 2010 )

Åtselgribb i Bjerkreim!

På søndag kom meldinga om at det var sett ein Åtselgribb over matningsdal i Hå. Sjokkbølga slo innover fuglafolka! Sanselaust.

Fuglen blei ikkje sett igjen den dagen eller mandagen. Heller ikkje tirsdagen blei gribben sett, før i halv 10 tia på kvelden. På morgenen sto det fleire folk på Lassaskaret og venta i håp om at gribben sko dukka opp. I halv 10 tida skrudde Åtselgribben opp frå område mellom Homsevatnet og Skinnansfjellet før han trakk over Brusali og karten til vill jubel frå dei som fekk oppleva han. Ei kort oppvisning i 12 tida var siste syn av fuglen før han forsvant i ukjent retning.

John Grønning( 7. mai 2010 )

Lokallagstur til Eigerøy

Denne helga er det tid for den årlege vårturen til fyret.
Det er folk der ifrå i kveld og det kjeme fleire folk ut i løpet av morgendagen. Det vil bli ringmerking om verforholda tillater det. Vermeldinga for helga ser lovande ut med svake vinder frå nordvest, noko som bør gje bra antalla av lom og joar.
Møt opp!

John Grønning( 7. mai 2010 )

Tidlig strandsnipe

En observasjon av strandsnipe ved Bakkaåno i Sokndal søndag 18.april må være tidlig i denne kalde våren!

Bjørn Erik Paulsen( 20. april 2010 )

Turforslag til helga

Vedlagt er eit turforslag til helga. NOF er på stand frå 11-16 kvar dag.
Vedlagte filer: Program.doc ]

John Grønning( 15. april 2010 )

Vipeoppdatering Lund

Ein rundtur i Lund ga heller nedslåande resultater. Kun 1 par fant eg, på Tekse på Ualand. Eg trur eg fekk med meg alle jordane frå Lundevatnet til Rusdal og Heskestad til Ualand.
Har høyrt igjen vipene på Tengesdal dei siste dagane. Det var gjildt å høyra dei igjen då eg kom ut den eine morgonen.
På Eigerøy ser det ut til å vere 10-20 territorier frå Skadberg og utover.

John Grønning( 14. april 2010 )

<< forrige side    neste side >>