Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017

Styremøtereferat 18.11.09

Vedlagt eit referat frå styremøtet den 18.11.09
For styret
John Grønning

  • John Grønning
  • 4. desember 2009

artsobservasjoner.no

I helga var underteikna på seminar i Trondheim. Anledninga var eit faunistisk seminar angåande utvikling og innspel i samband med Artsobservasjonar.no. Eg deltok som representant for LRSK-Rogaland. Det deltok representanter for dei fleste av landets fylker. I tillegg deltok folk for NSKF, NOF sentralt, Artsdatabanken (som utvikler Artsobservasjoner.no). Det er planlagt ein ny versjon våren 2011, men allerede til våren er det planlagt den første av kommande oppdateringer, bla. av kartane i eksisterande versjon. Det var også lagt opp til workshops med fokus på funkjsoner i nåverande og framtidige versjonar.

  • John Grønning
  • 1. desember 2009

Silkeheigre i Bjerkreim!!

Eg fekk telefon på mandag morgen om ein kvit antatt Silkeheigre som gjekk på eit jorde på Bjerkreim. Fekk Dag Norman Sværi til å sjekke den opp og han bekrefta fuglen ein halvtime seinare.
Då var det bare å gje beskjed til kunden eg var sjå at eg måtte reise. Kom fram og fekk sett fuglen før eg reiste heim og henta fotoutstyret. Heigra var utruleg sky og eg tok kun dokumentasjonsbilder før eg lot fuglen vere i fred. Silkeheigra blei sett kort på Soksemone og i flukt over Tengesdal dagen etter. Sidan er den ikkje sett. 1.ste funn i Bjerkreim og eit utruleg seint eit i Norge..

  • John Grønning
  • 1. desember 2009

Mandarinand i Lygre

Var innom og sjekket fuglelivet i Lygre seint på ettermiddagen i dag, søndag 29/11. Blandt endel ender i bukta ved Fuglodden lå der en fin mandarinand hann og flottet seg. fint syn! Det er kanskje samme hann som har vært å se flere steder her i distriktet denne høsten. Ellers av vannfugl. 25 toppand,12 stokkand,9 kvinand,1 sangsvane,19 knoppsvane,8 ærfugl og 1 gråhegre

  • Ivar Sleveland
  • 29. november 2009

Stare

Gådå på Tengesdal er ein plass kor Starane overnattter. Eg var på plass 1 time før skumringa. Snart var den første flokken på 42 Starer over meg. Det kom heile tida inn småflokkar frå 3 til 50 fugler og slutta seg til flokken. dei flaug fram og tilbake over området. Tilslutt talte eg 550 Starer i flokken. Eit mektig syn mot rødlig himmel i vest. Plutselig stuper heile flokken loddrett ned i sivskogen og forsvinner. Kun skvaldringa høyrast før det blir stille frå sivskogen..

  • John Grønning
  • 12. november 2009

Furukorsnebb på Skadbergsanden

såg ein flokk på 8 furukorsnebb på Skadbergsanden i ettermiddag. dei virka rimelig stabile i buskfuruene.

  • John Grønning
  • 12. november 2009

Eigerøy Fyr 29.10.09

Var ute på fyret i dag. Skremte opp ein lappspurv i bukta men den forsvant. Lite fugl ellers langs veien. Satt på fyret frå 10 til 12. Bra trekk heilt til vinden snudde. Mest spesielt var 1 Jaktfalk som trakk sørover. Ellers bra med Svartand (220), Storskarv (95), og alkefugl. Lappspurven satt på vegen på veg innover og viste seg meget fotogen. Totalt 46 arter i dag.

  • John Grønning
  • 29. oktober 2009

Seriøs skåding

Var ute ein tur på Eigerøy fyr i dag. Det var frisk vind frå nordvest som auka til minimum liten kuling. Regn- og haglbyger passerte samtidig som tordenskrallane slo over fyret. Lite fugl då vinden låg for mye på NNV, men interessant oppleving!

  • John Grønning
  • 8. oktober 2009

Endringer i programmet i november og desember

Det er blitt ein litan forandring på foredraga i november og desember.
5.11 kjeme Eivind Sande og viser bilder frå ein utanlandstur.
3.12 viser Rune og underteikna bilder frå årets tur til Slettnes fyr i Finnmark.

  • John Grønning
  • 29. september 2009

Rovfugltur til Lund på søndag

På søndag blir det tur til Gjersdal i Lund. Gunnar er på plass frå kl 8 til 17 dersom været holder. Det er i det siste sett bra mengder med rovfugl i Dalane. Fleire Vepsevåker, Spurvahauker, steppehauk, Vandrefalker, Havørner med fleire.. Det er også spetter, Nøtteskriker, og mye småfugl i lufta..
Til Info: denne blei avlyst pga dårleg vær.

  • John Grønning
  • 16. september 2009

Steppehauk!

Rune Edvardsen og underteikna var ute på i dag og talte rovfugl på Eikeland i Bjerkreim. Det var ikkje det store draget men me oppdaga ein Vepsevåk som skrudde over Moifjellet. Den flaug litt fram og tilbake før den skrudde rundt Moisendaren og forsvant vidare nordover. Litt seinareblei det oppdaga ein kjerrhauk som sirkla rett nord for der me sto. Etter å ha studert den nærmare kunne me etterkvart notere alle kjenneteikna og artsbestemme den til Steppehauk! Ny for Dalane! Steppehauken sirkla rundt i ca eit kvarter før den trakk nordover mot Lassaskaret. Det blei sett ca 30 rovfugler på godt 4 timer. Også ein Lappsporv trakk over. Dette er 2.dre gongs funn for Bjerkreim.

  • John Grønning
  • 15. september 2009

Suksess med åpen dag på Revtangen

det blei kjempesuksess med åpen dag på Revtangen Ornitologsiske Stasjonen!. Nær 300 personer var innom på stasjonen og/eller på Revtangen. Det blei ringmerka begge plassane sjølv om det nok blei størst antall ute på Revtangen. Av gobiter blei det fanga bla 1 Gresshoppesanger. Vaffelrøra fekk bein å gå på og Naturvernforbundet og NOf gjekk tom for kontigentblanketter.
Fleire frå lokallaget var innom i løpet av dagen.

  • John Grønning
  • 13. september 2009

Medlemsmøte på torsdag

Møtet på torsdag blir i kantina i rådhuset i Egersund. Oppmøte der eller ved døra til Pingvinen seinast hal 7.

  • John Grønning
  • 31. august 2009

Åpen dag på Revtangen Ornitologiske Stasjon!

Komande søndag den 6.9.2009 arrangerer NOF Rogaland i samarbeid med Stavanger Museum åpen dag på Revtangen Ornitologiske Stasjon frå kl.10-16. Det blir salgsutstilling med Natur og Fritid frå Lista.
NOF, Naturvernforbundet og Fremtiden i våre hender vil ha stand på stasjonen. Det vil bli ringemerking både på stasjonen og nede på Revtangen.
Møt opp og treff andre liksinnede! Ikkje minst treff potensielle nye medlemmer. Vermeldinga pr i dag ser jo lovande ut..

Underteikna skal vere med og guide.

Turen til Svanes same dagen (6.9.2009) vil bli diskutert på lokallagsmøtet den 3.6.09.

  • John Grønning
  • 31. august 2009

Triveleg ringmerkjingsdag i Sokndal.

NOF-Dalanes årvisse ringmerkjingstur var i år lagt til Sigfreds fangstplass på Mydland søndag 23-8.

  • Roald Lomeland
  • 25. august 2009

Dalane lokallags nettsider flyttet til ny server!

Nå er Dalane Lokallags nettsider flyttet vekk fra den gamle serveren og til en ny dedikert server. I den forbindelse er det også opprettet et eget domenenavn: www.nofdalane.net. Den gamle adressen (www.fugler.net/nofrog/dll) vil fortsatt virke, men viser nå til den nye adressen.

Den nye serveren har mange fordeler over den gamle, deriblant høyere hastighet og støtte for mer fleksible løsninger for opplasting av bilder. Dette innebærer at det nå er mye enklere å laste opp bilder med artiklene dere publiserer her! Vi håper dette vil bidra til at flere vil legge ut sine bilder. Forklaring på hvordan bilder skal lastes opp finner du når du logger på og oppretter ny artikkel.

  • Redaksjonen
  • 19. august 2009

Vinterbilder

Noen bilder fra hytten vår på Evje (januar 2009).

  • Harald Steensland
  • 17. august 2009

Programarket høsten 2009

Tema på framsiden: artsobservasjoner.no

  • Redaksjonen
  • 14. august 2009

Rapportering av observasjoner på Eigerøy fyr

I samband med artsobservasjoner.no er det fleire som har ønske om at observasjonane blir rapportert umiddelbart. Eg har laga eit brukarnavn og passord for Eigerøy Fuglestasjon. Ta kontakt med underteikna for å få passordet og brukernavnet.
Når ein så logger seg inn, så er ein innlogga som Eigerøy Fuglestasjon. Du legger deg sjølv til som medobservatør og dermed er observasjonane både søkbare og med på listene for fuglestasjonen og observatøren.

  • John Grønning
  • 11. august 2009

Rovfugler

Hausten er her og rovfuglane er snart på trekk igjen. På dager med sol og austavinder er det gang i rovfuglene.
Gunnar Skjerpe skal telle rovfugler rundt Flekkefjord 14-15.8 og om nokon er interessert i å vere med, så er det bare å ta kontakt med han.
Eg kjeme til å telle frå Eikeland når eg har anledning.
Det blir også ein eller anna form for rovfugltelling i samband med ringmerkingsturen til Mydland 23.8.

  • John Grønning
  • 6. august 2009

God ringmerkingshelg på Rødland

God ringmerkingshelg på Rødland – 24 og 26 juli.

  • Ivar Sleveland
  • 30. juli 2009

Rapportering på Artsobservasjoner.no

Her er ein kort innføring i rapportering av observasjoner på Artsobservasjoner.no. Dette er ei side som LRSK-Rogaland oppfordrer alle til å rapportere på. Det er moglegheit til å stadfeste observasjonane ned til 5-10 meter. Dette er ein stor fordel for framtidig bruk av observasjonane i forvaltningsøyemed.
Det er ved observasjon av sjeldne fugler moglegheit til fylle ut sjeldenhetskjema direkte. Det er også moglegheit til å laste opp bilder direkte til observasjonen.
Underteikna kan kontaktast på 41332832 om det er noko ein lurer på vedrørande artsobservasjoner.no.

  • John Grønning
  • 14. juli 2009

Vellukka ringmerkingstur

Laurdag 27-6 drog Vegard og eg i veg med kurs for Hardangervidda i håp om også i år å få merkja nokre "fine" fuglar.

  • Roald Lomeland
  • 8. juli 2009

Glente.... Endelig!!

Lørdag morgen var eg ute og skåda på Heia i Bjerkreim. Eg sto på ein lite topp og scanna med teleskopet då eg oppdaga ei Glente som gjekk og plukka mat på eit jorde! Eg kjørte bort til jordet og fekk tatt nokre dokumentasjonsbilder av fuglen. Pga myting og ennå mørkt bånd på stjertenden blei fuglen bestemt til 2k. Glenta jakta rolig i området mellom Eikeland og Gåsland i ca 10 minutter før hu gjekk ned bak eit høydedrag og eg såg hu ikkje igjen til tross for at eg venta 1 time.
Ifølge ein bonde har fuglen sansynligvis vore der i 14 dager.

  • John Grønning
  • 21. juni 2009

Trostesanger i Gådå!

Natt til mandag oppdaga Egil Ween ein syngande Trostesanger i Gådå. Eg reiste ut rett etter at meldinga kom ut på BV'en og fekk høyra fuglen syngande i Bjerkreim. Eit etterlengta bjerkreimskryss for meg. På veg heim igjen reiste eg innom travbanen og fekk høyra ein syngande Myrsanger rett utanfor bilvinduet! Begge fuglane har vist seg fram for tilreisande fuglekikkare etterpå.

  • John Grønning
  • 3. juni 2009

Eigerøy fyr 30-31.5

Referat frå Turen til Eigerøy fyr i helga:
Ivar reiste ut allerede på fredag og satte opp nettane. Leif Arne, Leah og Jon, Alf, Rune og John kom utover på ettermiddagen og kvelden. Grillen blei tent i 7 tida og det blei sosialt samvær utover kvelden. Det dukka dessverre ikkje opp folk utanfrå lokallaget sjølv om turen var annonsert i Falco og på Fugler.net.
Då knotten blei for nærgåande trakk me utover på eit av svabergane og fekk oppleva bla 3 tjuvjoer trekkande på nært hold.
Nettane blei heiste i 4 tida i dag men det blei kun 3 kontroller. På sjøen trakk det lite men me fekk ein flokk med Ringgjess. 1 Rosenfink blei høyrt med lyd over fyret. Den blei høyrt frå hagen seinare. Det er første funn sidan 2001. 1 Gulerle landa på fyrodden og bestemt til ein hann av den sørlige underarten. Dette er første funn av underarten på fuglestasjonen.
Det blei sett 48 arter i går og 44 i dag.

  • John Grønning
  • 31. mai 2009

Tidleg hekking for mange arter i år.

Den tidlege våren gjer at hekkesesongen er i full gang.

  • Roald Lomeland
  • 17. mai 2009

God fossekallbestand også iår

1.og 2.mai hadde Vegard og eg fossekallrundar i Bjerkreim og Helleland. På Asheim og Spødervold såg me ikkje teikn til fossekall, ellers var det stort sett reir på same stadene som i fjor, og i tillegg var den tilbake på Grøsfjell, Hestvik og Svela, og ny hekkeplass i Lien. På Skjæveland og Svela var ungane allereide ca.11 dagar gamle.På Vikeså var dei såvidt store nok til ringmerkjing(6stk.mot i fjor berre 2).I Helleland var det berre ved Øen at dei var store nok. Ellers var det ruging eller nyklekte ungar i 10-11 reir. I Bjerkreim fann me vintererlereir under byggjing, men ellers såg me ingen andre på runden, så den ser ikkje ut til å vera like talrik som i fjor.

  • Roald Lomeland
  • 4. mai 2009

Trekktelling og dugnad Eigerøy fyr

Ivar, Johan Tore og Rune var på Eigerøy fuglestasjon 2.mai i kombinert trekktelling og malingsdugnad.
Stort sjøfugltrekk 2.mai. I alt observerte vi 54 arter på Eigerøy fuglestasjon. Høydepunkter 295 smålom,6 storlom, 2 islom, 2 gulnebblom, 1 polarjo, 2 tyvjo og 1 svartrødstjert.Kontroll av møller merket 5.aug.2006.

  • Johan Tore Rødland
  • 2. mai 2009

Svartrødstjert på fyret

Høydepunktet under morgenens tur til fyret var da jeg kunne observere, og fotografere, en svartrødstjert, hunn, fra vinduet i hytta!
Ellers nevnes 6 småspover som rastet på skjærene i sør, en spillende enkeltbekkasin i en lang periode over fyr-husene, endel småfugl i hagen, og ikke minst, en usedvanlig vakker soloppgang! Det var lite trekk på sjøen.

  • Leif Arne Lien
  • 1. mai 2009

Morgentur med ankomsttider på Tengesdal

Var ute ein runde på Tengesdal i dag tidleg. Ein Vendehals skreik langs elva. Kort etter høyrte eg gauken gol ved travbanen. Eit par med Dvergspett tromma ivrig på 2 telefonstolper i Gådå. Sivsangeren sang ivrig i sivet. På veg heimover måtte eg stoppe pga ei sang eg ikkje kjente igjen, Svartkviten satt og sang i eit tre rett ved veien..

  • John Grønning
  • 26. april 2009

Svartrødstjert på Svanes

En svartrødstjert hunn ble observert av Gunnvor B. Krone i hagen på Svanes. Eigersund torsdag 16/4

  • Ivar Sleveland
  • 16. april 2009

Traner på Slettebø !

Tirsdag 7 april observerte Jan Inge Bilstad 2 traner på Slettebø i Eigersund. De spankulerte på jordene der. Han var oppe senere på dagen for å se mer til dem, men da var de fløyet.

  • Ivar Sleveland
  • 12. april 2009

Spettetur til Lund

Viktig informasjon vedrørande turen til Lund.
I Falco som snart kjeme ut står det at turen er den 19.4. Dette er feil. Turen er på lørdagen den 18.4. Oppmøte er på Eide i Lund kl 0615 på morgenen. Kjør 50 meter inn på vegen mot Sokndal der det er ein parkeringsplass.
Dersom du syns det er for tidleg på morgenen kan du henge deg på seinare på morgenen.
Kontaktperson er Gunnar Skjærpe 90750530

  • John Grønning
  • 4. april 2009

Svartryggerle

Ein hann av Svartryggerle var på Birkeland på Helleland i går i snøværet. Flott syn!

  • John Grønning
  • 26. mars 2009

Mandarinand i Lygre

Søndag 15 mars observerte naboen - Egil Thunestvedt, en flott Mandarinand hann i Lygre. Kanskje er det samme fugl som har holdt seg ved Kvassheim i Hå? siden den ikke er sett der i det siste. Håper den vil holde seg i Lygre en stund fremmover, slik at flere får studere denne serdeles fine anda.

  • Ivar Sleveland
  • 17. mars 2009

Telling av ilanddrevne sjøfugl

Eg var ute og talte på strendene på N-Eigerøy og frå Ogna til nordenden av Brusand i dag. På Skadbergsanden låg det kadaver av ei Gråmåke, ein svartbak og ein Tjeld. På Samslått låg det kadaver av 2 havhest og på Seglemsstranda låg det ein havhest. Same plass høyrte eg ein Sivsporv og såg ei Gravand.
Kjørte vidare til Brusand Camping der eg parkerte og gjekk langs stranda. Fant ei Ærfugl hu og ein alkekonge heilt nord på Brusanden Det var bra med dykkare og Storlom (6stk) utforbi campingen. 1 Varslar flaug over same plass.

  • John Grønning
  • 14. mars 2009

Hornugle

Rune edvardsen og underteikna deltok på seminar på Rennesøy lørdag 7.mars. På veg heim stoppa me på Sola der det er registrert fleire Hornugler dei siste vekene. Me stoppa ved eit granholt og jammen satt det 3 stykker i trærne!
Fuglane brydde seg døyten om at me sto 3 meter frå dei. Megaoppleving!

  • John Grønning
  • 10. mars 2009

Svartstrupe på Seglem

Etter en fin spasertur hvor Gunnvor og jeg gikk ut til Brønnesodden på Søndre Eigerøy, tok vi også turen ut til Seglem på Nordre Eigerøy i Eigersund. Ved Leidland fløy en flokk med ca. 25 stær over oss. Vel ute sjekket vi hver vannpytt på gjordene for mulige ankomne svartryggerler, men nei – ingen erler. To storspover som vanlig på gjordet før innkjørselen til fyret. Men så - lenger ute ved restene etter utesiloen satt den fine svartstrupehannen! Fantastiske fine farger mot svart jord, og mat fant den flere ganger der. Like før observerte vi ca. 12 tjelder flygende inn Lunnervika. På veg tilbake var de ytterste skjærene ved Samslått fulle av tjeld og viper. Over 70 nettopp ankomne tjeld og minst 35 viper rastet der mot kvelden. 1 enslige horndykker i vinterdrakt dykket nær land ved Samslått. Fin og innbringende ettermiddastur, også med litt vårlige temperaturer.

  • Ivar Sleveland
  • 8. mars 2009

1. mars tur!

I håp om at noen av trekkfuglene hadde begyndt å røre på seg, tok Gunnvor og jeg turen ut til bl.a. Seglem på N.Eigerøy, Eigersund. Og det hadde de:
2 tjeld utpå skjærene, 2 storspover på jordet like før innkjørselen til fyret, 32 viper sammen med 11 stær + 12 sanglerker på de store jordene på Seglem. Ellers 25+ stokkender på Samslått.

  • Ivar Sleveland
  • 1. mars 2009

Grønlandsmåka i havna

Denne Grønlandsmåka ar hatt tilhold i havna ei stund.

  • John Grønning
  • 15. februar 2009

Mye sanglerker på Eigerøy fyr

Var ute en dagstur Lørdag 7/2 til fyret i sluddvær. Helt dødt på sjøen, Men der var likevel litt fugl å observere i vinterlige omgivelser med sluddbyger hele tiden. Spennende med rekordstore antall av trekkende sanglerker som alle fløy sørover. Først en flokk på 26,så i 11 - tida kom en stor flokk på over 120 ind.rett over fyret. flere småflokker etterpå, slik at totalen ble 170+ - solid ny rekord for fyret! Gråtrosten trakk også i flokker sørover, tot. 300+. To kobber/seler i fjorden.

Artsliste: Storskarv 2. Toppskarv 14. Gråhegre 1. Knoppsvane 2. Ærfugl 25. Havelle 4.Svartand 4. Sjøorre 1. Kvinand 20. Siland 15. laksand 1.vandrefalk 2 hann/hunn. Rugde 2. Gråmåke 45. Svartbak 12. Gråspett 1. Sanglerke 170+. Skjærpiplerke 4. Gjerdesmett 4 Gråtrost 300+. Kråke 4 og 1 ravn

  • Ivar Sleveland
  • 8. februar 2009

Referat fra årsmøtet 8.1.2009

  • Johan Tore Rødland
  • 6. februar 2009

Fugler i Hans Børlis livsverden

Jeg har begynt på en blogg om fuglearter og metaforer i Børlis dikt. Her kan du finne materiale til presentasjoner, opplesninger og andre anledninger der du vil illustrere eller omtale en fugleart på en poetisk måte.

  • Gustav Steensland
  • 18. januar 2009

Kongeørn og vandrefalk på Svåheia

Da været stilnet tok jeg meg en rask kveldstur til bl.a. Mong i Eigersund. Der fløt av vann overalt i bekker og på jorder etter nattens kraftige regnvær. På veiens høyeste punkt i Mong hadde jeg god oversikt. Over 100 svartbak og 300+ gråmåker satt i ly på ytterste odde, men ingen "hvite" måker. 4-5 gråtrost og en hørt rødvingetrost like ved. En kongeørn satt på en varde ved Svåheia, og mens jeg studerte ørna i teleskopet kom en vandrefalk flere ganger flygende nær ørna. Samtidig kommer en enslig grågås høylytt flygende utover mot havna nesten rett over meg. Lite fugl ellers i området.

  • Ivar Sleveland
  • 18. januar 2009

Årsmelding for 2008

  • Rune Edvardsen
  • 14. januar 2009

Gjenfunn av vintererle

Sokndal ringmerkingsgruppes første gjenfunn/utenlandsfunn av vintererle er nylig kommet inn og må nevnes!

Pullus (reirunge) merket av Roald Lomeland 21.05.06 på Eide i Lund kommune ble kontrollert i Kennemer Duinen i Nederland 09.10.06!
Den har altså fløyet 668 km S og kontrollert etter 4 måneder og 21 dager.

  • Bjørn Erik Paulsen
  • 13. januar 2009

Eigerøy Fuglestasjon - Årsrapport 2007

Her er endeleg årsrapporten for 2007

  • John Grønning
  • 4. januar 2009

Vedrørande bankkontonummer på programark for 2009

NB: Bankkontonummer som er oppgitt på programmarket er feil og må ikkje benyttast!
Rett kontonummer er 3344.20.39637

  • John Grønning
  • 1. januar 2009

Eigerøy fyr 1.nyttårsdag

Bra dag på Eigerøy fyr, også med kjempebra dekning!

  • John Grønning
  • 1. januar 2009
Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017