Eigerøy Fuglestasjon - Årsrapport 2007

Publisert: John Grønning Sunday   4. January 2009

Her er endeleg årsrapporten for 2007

             Eigerøy Fuglestasjon  -  Årsrapport 2007

 

John Grønning

 

 

  Virksomhet og dekning i 2007:

 

- I 2007 blei virksomheten på Eigerøy Fuglestasjon sterkt skadelidande av feltarbeid andre stader. Spesielt gjaldt dette for hausten i samband med rovfugltellingane på Sør-Jæren og i Bjerkreim. Mange takk likevel til alle som har vore innom stasjonen i løpet av sesongen.   Det blei ført logg på 21 dager på våren og 13 dager på hausten.  JTR topper igjen lista med 19 dager, JGR med 16, RED med 7 og LAL med 4 dager, BEP, ISL, GBK, H.R.Grastveit og K.Rødland hadde mellom 1 og 2 dager kvar. På grunn av det låge antallet loggdager, er det ikkje er mogleg å lage nokon ”normal” årsrapport. Det er imidlertid laga ein samanstilling av dei mest interessante observasjonane og resultatane for ringmerking i løpet av 2007 sesongen.  Observasjonane frå 2007 vil bli lagt inn på artsobservasjoner.no og vil bli publisert i Rogalandsrapporten i eit kommande Falco.

 

Resultater 2007:

- 112 artar blei loggført på Eigerøy Fuglestasjon i 2007. Det var ikkje besøk på stasjonen før 2.februar. 1 ubestemt lom var det einaste uvanlege utanom vinterartane. 200+ Alker og 100 Krykkjer blei notert ptNV 3.2. Årets einaste Snøsporv blei sett same dagen. 1 hann Svartstrupe holdt seg kort langs veien rett etter Rødtoppskogen 18.2. Ein Gråspett same dagen var den eine av 2 spetteobservasjonane i år.. I Februar og byrjinga av mars var det 2 Dvergdykkere som holdt seg i bukta. Det var også bra med Svarttrost i byrjinga av mars med 25 ind 4.3.som beste notering. 1 Spurvahauk 14.4 var den eine av 2 rovfuglarter som blei observert på våren. Helga 12 og 13.5 var det lokallagstur med turistforeningen. Det var bra med trekk på sjøen. Bra antall blei notert for henholdsvis Smålom med 136 ind  og 237 ind, Gulnebblom med enkeltind 12 og 13.5 Svartand med 230 og 171 ind, Taffeland med 3 ind 13.5, 220 Tjeld 13.5, 180 Polarsnipe 13.5, Polarjo med 7 og 13 ind, Tjuvjo 9 og 11 ind,  Makrell/Rødnebbterner 135 ind og Splitterne 1 ind 12.5. Det var ikkje dekning i juni.

3.8 var fyrste loggdag på hausten. Denne helga frå 3-5.8 var det lokallagstur til stasjonen. Nevneverdig frå loggen denne dagen var 1 Vipe, den einaste observerte på hausten og 20+ Lauvsangare. 2 Havsvaler blei fanga natt til 4.8, 1 ind blei også fanga natt til 25.8. 230+ Makrell/Rødnebbterner blei observerte ptS 25.8. Dette er høgaste dagstotal for stasjonen. Bra antall med 10 Tjuvjo blei notert 5.8. 1 Teist den 17.8 var einaste observerte dette året. 29.9 var bra for rovfugl med bla. 1 Musvåk ptN. Det var fyrste observasjon sidan 1995! Same dag blei det sett Spurvahauk, Vandrefalk, og 3 Tårnfalk. 110 Ringduer, 1 Dvergspett (4.de observasjon, dei andre var i 1993, 2001 og 2003), 1 Ringtrost, 18 Gjerdesmett, 150+ Blåmeis, 8 Dompap, 60 Grankorsnebb, 1 lappsporv (8.funn, forrige var i 2004) og dagsrekord med 17 Gulsporv. 12 Furukorsnebb over Rødtoppskogen denne dagen var etterlengta ny art for stasjonen.  200 Alkekonger er notert 16.11. Siste loggdag var 30.12 med bla haustens einaste Havelle notert.

 

2007 sesongen plasserer seg solid på botnplass med tanke på antall loggdager. Forhåpentligvis blir komande sesonger betre med meir besøk.

 

Ringmerking 2007:

Det blei ringmerka 10 dager på fyret denne sesongen, frå 13.4 til 25.8. Det var 6 dager på våren og 4 dager på hausten. Totalt blei det merka 27 fugl av 13 arter dette året. Det er nå merka 8952 fugl av 80 arter på fyret. I ringmerkingsoversikten er Grå- og Brunsisik som vanleg behandla som ein art. 1 Ærfugl fanga i lyngen på nettplass nr.8 var ny merkeart for fyret.  Elles var 1 Tornsanger det mest uvanlig i nettene på våren.

 

Det blei fanga og ringmerka 3 fugl på hausten. 1 Havsvale, 1 Gråtrost og 1 Møller.

 

Rutinane for ringmerking og nettfangst har vore dei same som i tidlegare sesonger (sjå Paulsen -92). Det blei brukt mellom 3 og 12 nett samtidig, alt etter dekning og trekk-/værforhold. Det blei brukt 3 nett under Havsvalefangst utanfor fyret.

 

Tidlegare rapportar:

 

- Paulsen, B.E 1991. Våren 1991 ved Eigerøy fyr. Falco 20, s.84-87

- Paulsen, B.E 1992. Eigerøy fyr – årsrapport 1991. Falco 21, s.139-167.

- Paulsen, B.E 1993. Eigerøy fyr – årsrapport 1992. Falco 22, s.113-139.

- Paulsen, B.E 1994. Eigerøy fyr – årsrapport 1993. Falco 23, s.96-120.

- Paulsen, B.E 1995. Eigerøy fyr – årsrapport 1994. Falco 24, s.92-121.

- Paulsen, B.E  og Rødland, J.T. 1997. Eigerøy fyr – årsrapport 1995. Falco 26, s.76-103.

- Grønning, J., Paulsen, B.E., og Rødland, J.T, 1998. Eigerøy fyr – årsrapport 1996. Falco 27, s.72-104.

- Paulsen, B.E 1999. Eigerøy fyr – årsrapport 1997. Falco 28, s.68-80.

- Grønning, J., og Paulsen, B.E., 2000. Eigerøy fyr – årsrapport 1998. Falco 29, s.67-82.

- Grønning, J., 2001. Eigerøy fyr – årsrapport 1999. Falco 30, s.4-16.

- Grønning. J., og Paulsen, B.E., 2001. Eigerøy Fuglestasjon – Årsrapport 2000. Falco 30, s.151-168.

- Grønning. J., 2002. Eigerøy Fuglestasjon – Årsrapport 2001. Falco 31, s.96-118.

- Grønning. J., 2003. Eigerøy Fuglestasjon – Årsrapport 2002. Falco 32, s.160-182.

- Grønning. J., 2004. Eigerøy Fuglestasjon – Årsrapport 2003. Falco 33, s.60-84.

- Grønning. J., 2005. Eigerøy Fuglestasjon – Årsrapport 2004. Falco 34, s.56-78.

- Grønning. J., 2006. Eigerøy Fuglestasjon – Årsrapport 2005. Falco 35, s.61-70.

- Grønning. J., 2007. Eigerøy Fuglestasjon – Årsrapport 2006. Falco 36, 130-150

 

 

 

 

John Grønning

Tengesdal Nord 12

4387 Bjerkreim