Stare

Publisert: John Grønning Torsdag  12. november 2009

Gådå på Tengesdal er ein plass kor Starane overnattter. Eg var på plass 1 time før skumringa. Snart var den første flokken på 42 Starer over meg. Det kom heile tida inn småflokkar frå 3 til 50 fugler og slutta seg til flokken. dei flaug fram og tilbake over området. Tilslutt talte eg 550 Starer i flokken. Eit mektig syn mot rødlig himmel i vest. Plutselig stuper heile flokken loddrett ned i sivskogen og forsvinner. Kun skvaldringa høyrast før det blir stille frå sivskogen..