John Grønning
Mandarinanda
Ei Mandarinand har vore ved Eikunda den siste veka. Ein utruleg flott fugl.
Kattugle i sjøhus!
Eg fekk telefon angåande ei ugle som hadde kome seg inn ei sjøbod på Eigerøy. I lag med Rune svingte eg innom for å sjekka kva art det var snakk om. Det synte seg fort at det var snakk om ei Kattugle. Då var spørsmålet om hu var ringmerka. Etter fleire forsøk på å fanga ugla, fekk me tilslutt fanga hu. Det synte seg at Kattugla var ringmerka av Ivar Sleveland i Kontrari i Egersund 15.5.09.
Silkeheigre i Bjerkreim!!
Eg fekk telefon på mandag morgen om ein kvit antatt Silkeheigre som gjekk på eit jorde på Bjerkreim. Fekk Dag Norman Sværi til å sjekke den opp og han bekrefta fuglen ein halvtime seinare.
Då var det bare å gje beskjed til kunden eg var sjå at eg måtte reise. Kom fram og fekk sett fuglen før eg reiste heim og henta fotoutstyret. Heigra var utruleg sky og eg tok kun dokumentasjonsbilder før eg lot fuglen vere i fred. Silkeheigra blei sett kort på Soksemone og i flukt over Tengesdal dagen etter. Sidan er den ikkje sett. 1.ste funn i Bjerkreim og eit utruleg seint eit i Norge..
Stare
Gådå på Tengesdal er ein plass kor Starane overnattter. Eg var på plass 1 time før skumringa. Snart var den første flokken på 42 Starer over meg. Det kom heile tida inn småflokkar frå 3 til 50 fugler og slutta seg til flokken. dei flaug fram og tilbake over området. Tilslutt talte eg 550 Starer i flokken. Eit mektig syn mot rødlig himmel i vest. Plutselig stuper heile flokken loddrett ned i sivskogen og forsvinner. Kun skvaldringa høyrast før det blir stille frå sivskogen..
Furukorsnebb på Skadbergsanden
såg ein flokk på 8 furukorsnebb på Skadbergsanden i ettermiddag. dei virka rimelig stabile i buskfuruene.
Hornugle
Rune edvardsen og underteikna deltok på seminar på Rennesøy lørdag 7.mars. På veg heim stoppa me på Sola der det er registrert fleire Hornugler dei siste vekene. Me stoppa ved eit granholt og jammen satt det 3 stykker i trærne!
Fuglane brydde seg døyten om at me sto 3 meter frå dei. Megaoppleving!
Kvite måker i havna
Reiste ein tur på N-Eigerøy i ettermiddag i regnværet. lite på Eigerøy utan ein Tjeld på Samslått og ein kvar av Horndykker og Gråstrupedykker i bukta.
Tok ein tur i havna og fant ei ny grønlandsmåke på Sildoljen. Same plass var og ei ny, kvit Polarmåke.
Myrpiplerka på Karmøy
Underteikna og Rune Edvardsen la ut på kryssetur til Karmøy 22.1 med håp om å krysse den mye omtalte Myrpipen. Håpet sank litt då me ankom Karmøy til sludd og glatte veier. Etter skåding på Åkrasanden der fuglen blei sett kvelden før kom meldinga om at den var på plass på Stavasanden. Etter ein kjapp tur med bilen kunne fuglen nytast i solskinn!
Forsvant dog etterkvart og blei ikkje funnen igjen.
Eigerøy fyr i dag
Rusla ein tur på Eigerøy fyr i dag med håp om bilder av stormen. Sjølv om stormen var passert var det bra sjæ. Skumdottene flaug så det enkelte gonger føltes som å gå i ein snøstorm! Lite fugl men det var ikkje uventa. Flott naturopplevelse med ruskevær :-)
Keiserørn!!
Var ute og talte rovfugler på Svåheia i dag. Plutseleg kom ei Keiserørn trekkande nordover! Fuglen passerte meg på ca 1km avstand og satte seg etterkvart på ein varde. Der blei hu sittande i ca 1 time før hu sirkla innover i heia. Etter ein kort rast på ein ny varde, forsvant hu vidare innover og norover i heia.
Dette er 2.dre observasjon for Norge etter i subad som var i sørlige deler av Hå februar/mars 2007.
Blått Ordensbånd
Lite nytt på fuglefronten i nordavinden.
Det har blitt sett litt Nøtteskriker og Nøttekråker på trekk V.
Fanger brukbart i nattfly fella i Bjerkreim. Fanga Blått Ordensbånd (catachola fraxini) natt til i går. Muligens bare 2 funn i Rogaland ifølge NORLEP's database. Sjå http://www.nhm.uio.no/norlep/
Grågåstrekk
Var ute på lørdag og talte rovfugler. Lite der eg var men bra trekk med Grågås. Totalt 1600+ trakk S frå 6 til 3. Det gjekk nok meir men hadde begrensa utsikt mot sjøen.
Annlegging av "plen" på Eigerøy fyr
Saman med Morten frå Eigersund kommune var me ute på Eigerøy fyr på tirsdags ettermiddag for å annlegge "plen" mellom stasjonshytta og hovedhuset. Kommunen hadde følge ut 15 storsekker med helikopter og desse skulle spres utover.
Lite nytt i det siste...
så eg legger ut bilder av noko av det eg har holdt på med..
;-)
Røy på villspor
Fekk telefon i dag om ei "ivrig" Røy som fotfulgte ein hageeiger i Bjerkreim. Reiste ut med kamera og fekk oppleve ei Røy som kom gåande mot meg då eg kom ut av bilen. Slapp Røya ut i Hetlandskogen etterpå. Forhåpentlegvis finner hu seg til rette der.
Sommerfugler
Mange flotte somerfugler var ute i dei varme dagane i helga. Her er 2 av dei flottaste :-)