Temmincksnipe, Silkeheigre m.m. 13.8.03

Publisert: John Grønning Wednesday  13. August 2003

Mye interessante fugler i kveld.

Reiste ut i 6 tida i kveld. Fyrste stopp var lagunen på Tengesdal. Ein sveip med kikkerten avslørte 2 Skogsniper og 4 Grønnstilk i lag med Strandsnipene. Oppdaga fleire Linerler som satt på mudderet. Mellom dei gjekk ei litan vader som eg ikkje klarte å ta sikkert. Mistanken gjekk umiddelbart  mot Temmincksnipe, men for å vere sikker kjørte eg over på andre sida av lagunen. Vel framme konstaterte eg 1k Temmincksnipe og plutseleg kom ei Temmincksnipe til springande inn i teleskopet!  2.dre gongs observasjon for Bjerkreim.  Same plassen skremte eg og opp ei Gluttsnipe. Småflokker med Heipiplerker, Linerler, Låvesvaler og Tornirisker svirra rundt i området. 2 stk 1k Hettemåker blei observert ved innkjøringa til Hetland. Denne er forholdsvis sjeldan i Bjerkreim.                                                             

Fotlandsvatnet var dødt utanom dei 2 Sangsvanene som oversomrer.  

Kjørte mot Slettebøvatnet men lite fugl her. Ein Sjøorre hann låg ved Skadbergsanden i kveldsola. På jordet rett etter avkjørsla inn mot Eigerøy fyr rasta 17 Heilo og ein Brusfugl. (På søndag var det 40 Heilo her). Parkerte og gjekk ut mot dei 3 hyttetomtene. Det var med ein viss spenning eg skåda utover. Det var nemleg oppdaga ein Silkeheigre i Vestfold i dag, men heldigvis, Silkeheigren var på plass på favorittskjæret!