Interessant gjenfunn frå Sør-Frankrike

Publisert: Roald Lomeland Tirsdag  29. mars 2011

Gjerdesmett  funnen 1617 km frå merkjeplassen.

I går fekk eg melding frå Stavanger Museum om at det for vel eit år sidan, den 10. februar 2010 var funnen ein daud gjerdesmett på ein veg ved Sigonce i Sør-Frankrike (44.00 N 05.50 Ø), ca. 500 m.o.h. ca. 85 km nordaust for Marseille. Fuglen hadde vi merkt vekegamal i eit reir på Eigestad (Eikestein) i Helleland 5.juni 2009. Aldri tidlegare er det konstatert at ein norskmerka gjerdesmett er floge så langt avstad. I fylgje ringmerkjingsatlaset (2005)  er det tidlegare gjort  2 gjenfunn I Frankrike, men mykje lenger nord i landet (lengst 1489 km frå merkjeplass) samt 2 funn i Belgia, 2 i Nederland og 4 i Nord-Tyskland (vel 20 i Danmark/Sør-Sverige). Berre 3 av totalt 221 tidlegare gjenfunn gjeld fuglar som har vore merkte som ungar. Det er vel grunn til å tru at det er den strenge vinteren i fjor som har fått fuglen til å reisa nesten til Rivieraen