Fuglestasjonen på Eigerøy fyr passerte sitt niande år i drift i 1999. Aktiviteten har som tidlegare vore konsentrert om trekkteljingane, med ringmerking når det har vore forhold for det. I år har me hatt ganske god dekning i dei beste månadane april, mai, sept og oktober, medan juli har berre ein loggdag (sjå tabell 1).
Det blei loggført totalt 138 arter på stasjonsområdet i 1999, av dei var 2 nye arter for stasjonsområdet;
1 Rovterne* kom trekkande nordover kloss i land 9.8, dessutan blei det sett 1 Varslar 9.10 og ein ny Varslar 14.11. Også i år går ein stor takk til Eigersund kommune som lar oss nytta hobbyhuset som stasjonsbygning.
1999 sesongen endte med 51 loggdager , noko som ligg under gjennomsnittet på 80 dager (gjennomsnitt 1991-98). Av dei 51 dagene, så var 23 av loggdagane på våren og 29 på hausten. Oktober hadde flest loggdager med 10 dager, mens det var 7 loggdager i viktige månader som mai, august og september.
Totalt 19 personar har vore med på feltarbeidet ved Eigerøy fyr i 1999. Den beste dekninga på våren var 2.5, på NOF-Rogaland sin årlege stortur. Den kan likevel mest reknast som lokallagstur, då det kun var 6 stk frå lokallaget som møtte opp. På hausten var beste dagen i samband med lokallaget sin overnattingstur den 10.10. Då var det 10 personer der ute. Ellers er det normalt bare 1 observatør pr. dag. Igjen er det lite forandringar i antall loggdager pr. person.
Av dei med mest loggdager hadde John Grønning 20 dager,
deretter Johan Tore Rødland med 13 dager, Bjørn Erik Paulsen med 8 dager, Leif
Arne Lien, Ivar Sleveland, Rune Kvassheim og Daniel Lien var på fyret 5 dager i
1999. Dei andre observatørane har mellom 1 og 3 dager kvar på fyret denne
sesongen.
Rutinane for arbeidet har vore som tidlegare år, med trekktellingar ifrå fyret frå lysninga og utover
føremiddagen. På enkelte dager har det og vore trekktellingar frå fyret på ettermiddagen.
Det har og vore talt trekk frå høgda bak hytta når det har vore bra med småfugl på trekk. Dette småfugltrekket blir ikkje oppdaga om ein sitter ute på fyret. Antall timar med telling pr. dag avhang både av værforhold, dekning og trekkintensitet. Avhengig av sjøfugltrekk og småfugltrekk, blei det nokon gonger og satsa på ringmerking kombinert med trekktellinga.
Resultater 1999
Vårsesongen:
1999 sesongen blei innleda 10.1 i 2 minusgrader. 4 Dvergdykkare blei notert i Vågen og 20 Gråsisik (flammea) i hagen. Opptil 5 Dvergdykkare blei sett i Vågen fram til medio mars. 135 Krykkjer trakk N i NV kuling 17.1. 1 Snøsporv blei sett 7.2. Vårfølinga kom 28.2 med Gravand, Steinvendar og Sanglerke trekkande. 2 Jernsporv og over 100 Svarttrost var i hagen 18.3. Denne dagen blei det og sett mykje(hundrevis) Svarttrost inne på Nordre Eigerøy. 28.3 var ein bra dag på sjøen med mellom anna 200 Havsule, 180 Tjeld, 200 Fiskemåke og 65 Hettemåke trekkande nordover.
40 Smålom og 1 Storlom trakk 17.4, 1Horndykkar, einaste observasjon av arten i år, trakk og forbi denne dagen. 2 Polarjo trakk kloss i land 24.4. Denne dagen var det også bra trekk med måker. 1 Svartkråke satt ytterst på fyrodden same dag.
Årets første Gulnebblom trakk 27.4, det samme gjorde 1 stillits, 1.5 var igjen ein bra dag på sjøen med 55 Små-og 2 Storlom, dessutan 1 Grålire, 8 Tjuvjo og 1 Polarjo, 2.5 ga 1 Gulnebblom, 2 Småspove og 1 ny Polarjo. Totralt 61 arter blei loggført denne dagen, noko som var høgaste dagstotal denne våren. 1 Gluttsnipe og 1 Strandsnipe blei loggført 13.5, det same blei ein flokk med 5 Svartkråker, einaste observasjon av Storjo og Lappspove denne våren blei gjort 30.5, med 1 ind av kvar art. 2 kveldsturer i Juni gav ingenting spesielt utover dei vanlege hekkeartane.
Haustsesongen:
Ein middagstur 11.7 konstaterte hekking av Møllar med observasjon av eit par med 2 nyleg utfløgne ungar, 2 Storjo og 1 Splitterne for forbi 7.8, 6 Havsvaler blei ringmerka 8.8, dessutan 9 ind den 9.8, samme dag trakk 665 Grågås sørover, mest spesielt var likevel Rovterna* som trakk nordover kloss i land! Sjølvsagt ny art for fyret. 920 Tjeld trakk forbi i høljregn 15.8, 20.8 hadde høgaste Gulerle total denne sesongen med 15 ind, austlege vinder i primo/medio september ga bra med småfugl på fyret, årets einaste Toppmeis blei notert i skogen på vest 15.9.
1 Spettmeis blei sett 26.9 med eit nytt individ 4.10. 1 Vintererle blei sett 4.10, 1 Varslar utforbi stasjonshytta 9.10 var ny art for fyret, haustens einaste Gulnebblom trakk sør 10.10, litt seinare på dagen trakk ei Jordugle sør over sjøen, samme dag blei det ringmerka 1 Gulbrynsangar, den andre som er ringmerka på fyret. Medio oktober brakte Grankorsnebb på trekk med 300+ 14.10, 300 Kaier trakk sør 15.10 og 150+ den 17.10, ”rekordantall” av Gulsporv blei logga 17.10 med 25+, dessutan 2 Stillits same dagen, 17.10 blei og beste dag i haust med 65 arter, 2 Duetrost blei sett medio oktober. Alkekongene viste trekktendenser 14.11 med 320 sør, fyret sin andre Varsler blei og notert denne dagen, dessutan 2 enkeltindivid av Trelerker* på veg nordover, Ærfuglene var på plass 20.11 med 400+ utanfor fyrodden, desember var rolig med 1 Fjøreplytt på fyrodden og 1 Dompap i hagen den 12.12 og 1 ung Spurvahauk jaktande i hagen 12 og 26.12.
Tilsaman blei det sett 138 artar på fyret i 1999, dessutan 2 underarter (Svartkråke og Gråsisik u.a. cabaret). Dettte er noko under det artsantall som blei sett i 1998 med 141 årsartar, og litt under gjennomsnittet dei siste årå (145 arter i snitt 1991 –98). Det blei sett 2 nye arter for fyret i 1998:
Rovterne* og Varlsar. Dette gjer ei total artsliste på 213 arter (pr.1.1200). Observasjonar av artar på LRSK/NSKF si liste (merka med *)er innsendt, men er ennå ikkje behandla.
Artsoversikt 1999
Artsoversikten er satt opp på same måte som i tidlegare rapporter (sjå Paulsen 1992, 1993, 1994, 1995, Paulsen & Rødland 1997, Grønning, Paulsen & Rødland 1998, Paulsen 1999, Grønning & Paulsen 2000), for å få grunnlag for samanlikningar. For sjøtrekkande arter er det vist tall frå 1998 og 1999 og gjennomsnittstall frå 1991-98. Det er også i år brukt gjennomsnitts dagsantall i 10 dagers perioder i diagramma. Det må imidlertid huskast på at dekningsgrad og værforhold vil gje utslag på resultata.