Vellukka ringmerkingstur

Publisert: Roald Lomeland Wednesday   8. July 2009

Laurdag 27-6 drog Vegard og eg i veg med kurs for Hardangervidda i håp om også i år å få merkja nokre "fine" fuglar.

Eigentleg tjuvstarta me fredagen med ein dagstur til Sirdal/Kvinesdal. Då fekk me merkja eit vintererlekull i Øksendalen, og såg ei fiskeørn ved Sandvand. Laurdagen laut me fyrst merkja ein del kull her heime, bl. a. eit kull tornskate. På turen fann me også eit reir av den med 3 egg i 1000 m høgde nord for Geilo og såg 2 hannar til der. Ellers "dumpa me oppi" ein del steinskvett slik at årsresultatet kom opp i 364 merkte pullus. 1-7 vart ein dag med utruleg flaks, fyrst lappspurvreir og seinare gulerle, rødstjert og vintererle, alle i brukbar merkjealder. I alt merkte me 101 ungar på turen (utanom Dalane): 43 steinskvett, 12 lauvsanger,11 gulerle(Bykle og Dagali),9 lappspurv(Bjoreidalen), 7 rødstjert(Uvdal), 6 blåstrupe(Bjoreidalen), 5 gråtrost, 4 vintererle(Nore),3 gråflugesnappar og 1 rødvingetrost.

Ellers såg me bl.a. eit myrhaukpar, eit dvergfalkpar, både lavskrike og stillits mata ungar, 2 silandkull, vintererle på 5 lokaliteter og ei einsleg kongeørn. I alt observerte me 90 arter. Heime igjen fredagen bar det direkte til nytt tornskatekull, heile 7 ungar, og merkjinga vart avslutta med 2 tjeldungar på Tengesdal.