Tidleg hekking for mange arter i år.

Publisert: Roald Lomeland Søndag  17. mai 2009

Den tidlege våren gjer at hekkesesongen er i full gang.

9-5 fann Gunnar Skjærpe 2 par hekkande vintererle i Hovsherad. Han fann det eine reiret og 4 vekegamle ungar vart ringmerkte neste dag. Ellers gjekk søndagen med til fossekallmerkjing. Stor vassføring skapte litt problem, men det var for kort stige som gjorde at 2 kull i Hovsherad forblei umerkt. Til nå merkt 72 stk. Måndagen lukkast eg å finna svartstrupereiret på Hegrestadbakkane og 4 snart flygeferdige ungar vart merkte, og tornsangeren bygde reir allereide. Fredag merkte me fyrste linerlekullet, og i dag fyrste steinskvettkullet, begge på Fjermedal i Bjerkreim, og solid tidlegrekord. 

Trostar av 5 slag er observert med mat i nebbet, til og med ringtrosten i Drangamarka samla nebbet fullt i går, men flaug som vanleg ut av synsfeltet. Der fekk eg og sjå ei nydeleg gulerle (såerle), men den tenkte neppe på hekking der.