Eigerøy fyr 1.nyttårsdag
Bra dag på Eigerøy fyr, også med kjempebra dekning!
Rune og underteikna rusla utover i 9 tida. Ingen spurvefugler på veg utover. Det låg bra med Kvinender i bukta, i tillegg til Knoppsvaner. På veg ned frå Linken kom ein flokk på 31 Gråtrost over, rett etter kom det først 6 Sidensvanser og litt etter 1 til. Me gjekk utover på fyret for å sjekke sjøen. Det var forholdsvis stille men enkelte alkefugl flaug ytterst i horrisonten. i 11-tida dukka Ivar opp og den sansynlegvis beste dekninga nokonsinne på 1.1 var eit faktum!
Ein Islom trakk først sørover for så å returnere ein halvtime etterpå. Det var også 1 Smålom i bukta og 2 flygande langt ute. 1 ad havørn trakk s rett utforbi fyret. Det blei også sett 3 Rugder. Den eine såg Ivar kome flygande over sundet kor den blei mobba ned på sjøen og drukna av to Svartbak... Naturens harde realitet.
Totalt blei det notert 35 arter i dag. Kjempebra for ein 1.ste nyttårsdag.