Rovfugltrekk over Bjerkreim/Eigersund

Publisert: John Grønning Friday  28. September 2007
Rovfugltrekket over Dalane pågår for fullt. Det ses bra antall av stort sett alle arter. Torsdag ettermiddag blei ein meget bra dag. Eg reiste ut i 12-tida til Ognedal. Det skjedde lite før kl1 med litt spurvehauk, Havørn og Tårnfalk. I 3 tida blei det meldt om Totalt 28 Musvåk som trakk NV over og på vestsida av Gravdal. Desse blei fulgt vidare nordover til Matningsdal, Synnesvarden og Storamos før dei trakk vidare nordover. Rett over 4 blei det oppdaga Musvåk i skru over Soltuva i Hetlandsskogen. I kikkert og teleskop såg eg fleire Musvåker komme inn frå aust over Tengesdal og mot Soltuva. Største skru var på 33 ind! Nokon av desse trakk vidare NV og blei sett over Matningsdal og vidare nordover. Det kom inn Musvåk heile tida. 1 Vepsevåk kom glidane NØ frå Soltuva og forsvant over Versland. Også Fjellvåk blei sett. Våkane begynte å skru frå Soltuva til Bjerkreim med fleire skruer der den største var på 34 stk! Enda 1 Vepsevåk blei sett seinare på ettermiddagen. Totalt blei det sett mellom 80 og 100+ Musvåk over Sørlige Bjerkreim denne ettermiddagen..
Det blei også sett 3 Myrhauk.