Eigerøy fyr 4-6.8.2006 Lokallagsturen.
Johan Tore, Kjetil Rødland og Helge Grastveit reiste ut fredag kveld og satte opp netta. 7 Havsvaler i netta og minst 3 til over blei resultatet. 2 Splitterner var det mest spesielle på sjøen. 25 fugl blei merka på lørdagen med 1 Møller og 1 Steinskvett som det mest uvanlege. Stasjonens andre Tornskate, 1 sd M, blei sett kort rett bak hovedhuset.
På ettermiddagen dukka det opp fleire folk og grillen blei tent. Totalt 9 personer var med på sosialt samvær før me heiste Havsvalenetta i 11-tida. Allerede halv 12 hang den første svala. På neste runde hang det 6 stk i netta, mens 2 til gjekk i rett etterpå. Underteikna blei liggande under netta mens dei andre køya. 5 svaler til gjekk i netta men 2 av desse kom seg ut igjen. Klokka 4 stengte eg netta og entra benken på kjøkkenet. Morgenen blei tilbrakt med skopene retta utover sjøen. Litt trekk utan dei store talla men 2 nye Splitterner og litt vadere nevnast. Underteikna retta skopet innover og oppdaga småflokker med sørgåande Grågås, totalt 83 ind. Plutseleg såg eg ein ungfugl Tornskate rett bak hovedhuset. Trass ein spurt innover med kameraet i handa, såg eg ikkje igjen ungfuglen. Derimot var Tornskate hannen på plass, men forsvant etter kort tid.
Det blei ringmerka 25 fugl på lørdag og 25 fugl på søndag. Artstotalen blei 48 på lørdag og 50 arter på søndag.