Fyrtur, Ørkensteinskvett og Mongolpiplerke

Publisert: John Grønning Sunday  20. November 2005

Fyrtur med utrykning

Rune Edvardsen og meg reiste utover til fyret frå morgenen. Litt fugl langs stien, skremte opp ein Enkelbekkasin i bukta, men med ei Vintererle over Rødtoppskogen som første godbit. Rett etter Rødtoppskogen høyrte me fløytinga til ein Dompap. Ein flott Dompap hann satt i ein grantopp og fløyta ivrig med tydeleg austleg aksent.. Det var lite fugl i hagen, så me rusla ut på fyret. Ei 1k Havørn kom trekkande forbi på kloss hold.

Ellers såg me bla: 4 Smålom, 2 Islom, småflokker med Storskarv ptS, 380 Alkekonge (flest ptN), 20 Gjerdesmett + + Totalt 42 arter er bra i slutten av november.

Det tikka inn melding på Bombevarslaren først om ein Ørkensteinskvett, og så ei Mongolpiplerke på Brusand, så me pakka saman og reiste nordover. Rolig utrykning til tross, begge fuglane var på plass og samarbeidsvilige, sjølv om Mongolpip'en var meir sky enn Ørkensteinkvetten som kom på 2m hold!!