Rosenstaren på plass på Tengesdal 15.10
Publisert: Sunday 16. October 2005
Eit dårleg bilde av Rosenstaren m.m
Rosenstaren blei sett på morgonen i går då starane letta frå sivet. Han blei ikkje sett igjen før kvart på 6 i går kveld. Då hadde eg leita gjennom mesten 2000 starer som flaug mellom jordene og fleire tette grantrær. Fuglane var veldig urolige på grunn av jaktande spurvahauker.
Ivar m.fl hadde ein Båndkorsnebb på Svanes på formiddagen. Underteikna og Rune E. var ute midt på dagen. Av spesielle observasjonar var; 1 Vintererle på Tengesdal og 40+ Kaier på Tengesdal, 1 Båndkorsnebb i Seksarvika, 2 Vintererler og 150+ trekkande Kaier på Seglem og Grå fluesnapper på Ystebrød.