Rosenstare i Eigersund og Bjerkreim!

Publisert: John Grønning Friday  14. October 2005

Ivar fekk telefon i dag frå Einar Tønnessen angående ein Rosenstare i hagen hans i Sandbakkane i Egersund. Ivar fekk sett fuglen i ettermiddag. Eg var oppe i hal 5 - 5 tida utan å sjå fuglen.
Reiste til Tengesdal etterpå og fant ein 1k Rosenstare i lag med ca 1200 starer. Fekk tatt eit par dårlege bilder på langt hold og lite lys, før heile flokken letta og flaug mot sivet for overnatting. Rosenstaren gjekk ned i sivet saman med starene i det mørket seig på. Dette er første observasjon for Bjerkreim kommune. Det var art nr.212 for Bjerkreim. Arten er registrert i Eigersund, men er usikker på antall funn og omstendigheter.

Rosenstare 1k
Rosenstare og starer
Del av stareflokk over sivskogen