Steppehauk "deja vu!"

Publisert: John Grønning Saturday   3. September 2011

Eg holdt på å vaske bilen i formiddag då eg plutselig ser ein kjerrhauk komme over trerekka ca 200m frå meg.

Steppehauk! er det første som slår meg. Fuglen kommer rakt mot meg. kameraet ligger bak i bilen og nøklene står i kjellerdøra! Krise! Fullt firsprang etter nøklene og grabbe kamera. Allerede forseint, då Steppen passerer rett over hustaket og meg i det eg kjem opp kjellartrappa. Eg ser han forsvinne mens eg desperat springer for å hente kona og fråskrive meg barnepasset. Kjørte rundt på Tengesdal og leita men utan hell.

Steppen var på direkte trekk og forsvant sansynligvis vidare nordvest.

Oppdatering: På søndagen, den 5, oppdaga eg Steppehaugen sittande i kornåkeren ca 250 meter fra huset mitt. Fekk tatt någen bilder og fekk så varsla andre fuglafolk om observasjonen. Trass i at det høljeregna fekk dei fleste tilreisande sett fuglen.

Flere bilder kan ses på: johnsturogfotoblogg.blogspot.com eller på artsobservasjoner.no.

Rød og fin Steppehauk