Fuglenes dag 22.mai

Publisert: John Grønning Monday  18. April 2011

Hei folkens!

Vedlagt er ein kopi av mail frå Jæren Friluftsråd til NOF Rogaland vedrørande Fuglenes dag den 22. mai.

Håper det er folk som kan vere med på denne unike sjansen til å skaffe nye medlemmer!

Dersom du kan vere med så gje beskjed snarast moglieg.

mvh
John

Hei,

Veldig kjekt at NOF, både fylkeslag og lokale avdelingar,  har lyst til å bli med på Fugledagen vår 22.mai!

Denne dagen skal vi opne ei ny utstilling om fugl på Vitengarden på Nærbø, temaet er samanhangane mellom fuglebestand og endringane i kulturlandskapet på Jæren. Dette blir ein del av den faste utstillinga på museet. Vi ser for oss at vi må få publikum ut i kulturlandskapet for å sjå på fugl denne dagen, så langt har vi disse ideane:

  1. Ringmerking av fugl (både av fuglar vi klarer å lokke til oss og av stareungane i fuglekassa vår)
  2. Naturlos. Det er eit fint naturområde i tilknyting til museet (skog, lynghei, myr, grasmark, tjørn) med mange slags fuglar. På museet har vi ca 60 kikertar som vi låner ut til publikum som blir med.
  3. Fuglekikking ved Audamotlandstjørn, ein stasjon med gode kikertar og forklaring på kva ein ser.
  4. Snekre fuglekassar, matbrett eller "støype fuglemat".
  5. Ein konkurranse med premie, kor mange fugleartar klarer du å sjå på ein dag?
  6. Presentasjon av arbeidet som blir gjort for å kartlegge fugl, stand v/NOF, sal av materiale td. Natur og fritid...

Ein barnehage lagar også fugleutstilling, som også skal stå her hos oss. Vi håper å få til ei opning i fellesskap.

Kan NOF ta ansvaret for pkt. 1, 2, 3 og 6? Og kanskje hjelpe til med å utforme konkurransen?

Andre gode idear blir motteke med takk!

Beste helsing
Anne Jorunn

Anne Jorunn Frøyen
Rådgjevar/Historikar
Jærmuseet Vitengarden
Besøksadresse: Jærmuseet  Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Postadresse: Jærmuseet Vitengarden, Pb 250, 4367 Nærbø
E: ajf@jaermuseet.no |  T: 952 94 524  |  www.jaermuseet.no