Lokallagstur til Lista 9. april

Publisert: John Grønning Sunday  17. April 2011

Kort turrapport med dei viktigaste høydepunktene

Totalt 7 mann i 3 biler kjørte sørover litt over 5 på morgenen. Det blei observert fleire Rådyr, ein ihjelkørt grevling og sansynligvis ein hjort langs vegen. Me kjørte rett til Lista fyr der me spaserte gjennom Lebeltet via Steinvika tilbake til fyret. 2 Traner furasjerte på markene inn av fyret. På veg mot Steinvika skremte me opp ei flott Jordugle og Roald fant ribb av ei anna. Ein vader som blei skremt opp viste seg å vere ei Skogsnipe. Me så også ein Dvergfalk og ein Tårnfalk her. Ei kort stopp med skåding på sjøen frå fyret bidrog med 3 Islom. Me kjørte innom Naturbokhandelen der pengene forsvant som dugg i solen! I havna på Borhaug låg det mellom anna 3 Dvergdykkere. Turen gjekk vidare til Fuglevika der me fant ei lun skråning i sola. Enkelte måtte lade batteriene litt og sovna tvert i sola... Ein flott Svartrødstjert hann stjal showet her og me brukte litt tid på å prøve å få bilder av denne. 5 Horndykkere låg rett utanfor moloen og fleire satte seg ned på tuppen av moloen for å prøve å fotografere desse. Etter ein pitstopp på burgersjappa i Vanse sjekka me Kviljo, Hanangervatnet, Kråkenesvatnet og Husebysanden.