Sidensvans i hundrevis!
Publisert: Sunday 24. October 2010
I går var eg på Eigerøy og sjekka om det var ilanddrevne sjøfugl. På veg heim måtte eg innom på Perrongen eit ærend. Då eg kom til rundkjøringa der så kjørte eg inn i ein sverm av Sidensvans! Det var hundrevis av fugl i buskene der. Annslagsvis 1500 fugl svirra rundt på parkeringsplassen og i hagene på oppsida av vegen. Kjørte ein kjapp runde over deler av Husabø/Rundevoll/Prstadalen og deler av Havsøyne. Fant 2 flokker på rundt 500 og fleire småflokker. Kor mange Sidensvanser det egentlig var i Eigersund i går er uvisst men det var ikkje få!
Roald Børve hadde i tillegg 300 stk på S-Eigerøy.