Referat frå spetteturen

Publisert: Roald Lomeland Monday  12. April 2010

1 dame og 16 karar stilte i Moi sentrum kl 6.15 søndag med håp om reprise på fjorårets suksesstur som inneheldt haugevis av spetteobservasjoner og ein spelegal tiur. Turen gjekk sørover langs Lundevatnet med 2-3 avstikkarar.

Det starta ganske bra med ein skrikande svartspett og ein syngjande trekryper og ein smålom utpå vatnet vart studert i teleskopa.Etter kvart kom det til eit par mann som ikkje hadde kome seg or senga kl.4. Men spettane viste seg ikkje fram slik som i fjor, men omsider fekk vi registrert 1 dverg,1 grøn og eit par grå. Kvitryggen lukkast det ikkje å få sett eller høyrt, men den hadde vist seg på eit par lokalitetar dagen før, så der hadde vi litt uflaks.

Men veret var strålande og fuglesongen lydde overalt med rødstrupen som den mest dominerande. Etter intens gransking av himmelrommet fekk vi auga på 6 rovfuglarter og då var alle godt fornøgde.

Fylgjande 46 arter vart observerte: grågås, stokkand, toppand, kvinand, smålom, storskarv, havørn, hønsehauk, kongeørn, fiskeørn, tårnfalk, vandrefalk, sildemåke, ringdue, gråspett, grønspett, svartspett, dvergspett, heipiplerke, vintererle, linerle, gjerdesmett, jernspurv, rødstrupe, svarttrost, gråtrost, måltrost, rødvingetrost, fuglekonge, stjertmeis, granmeis, blåmeis, kjøttmeis, spettmeis, trekryper, nøtteskrike, skjære, kråke, ramn, stare, bokfink, grønfink, grønsisik, bergirisk, brunsisik og dompap.