Triveleg ringmerkjingsdag i Sokndal.

Publisert: Roald Lomeland Tirsdag  25. august 2009

NOF-Dalanes årvisse ringmerkjingstur var i år lagt til Sigfreds fangstplass på Mydland søndag 23-8.

Vergudane var i godlune, regn og sol heilt fråverande og vindstyrke 0 meir enn halve dagen. 8 personar deltok meir og mindre heile dagen og fekk tid til mykje godt radl. Fangsten var sånn passeleg med eit nokså breidt artsspekter med møller og rørsanger som dei største godbitane, og til slutt fekk me lokka 2 torniriskar i nettet av ein flokk på ca. 70.

Fylgjande vart ringmerkte:

  • Lauvsanger 26,
  • trepiplerke 8,
  • rødstrupe 8,
  • bokfink 8,
  • munk 5,
  • gråfluesnapper 5,
  • hagesanger 2,
  • kjøttmeis 2,
  • grønsisik 2,
  • tornirisk 2,
  • sivspurv 2,
  • heipiplerke 1,
  • møller 1,
  • rørsanger 1,
  • blåmeis 1,

totalt 74 fuglar av 15 artar.

Ellers  vart fylgjande artar observerte: krikkand, spurvehauk, enkeltbekkasin, ringdue, tårnseiler, grønspett, låvesvale, taksvale, gulerle, linerle, gjerdesmett, jernspurv, buskskvett, steinskvett, svarttrost, fuglekonge, granmeis(kontroll av ein framand fugl),spettmeis, skjære, kråke, ravn, stær, gråspurv, grønfink, brunsisik, grankorsnebb og gulspurv, alt i alt 42 artar.