Roald Lomeland

Følgende portrettintervju stod i Falco, nr. 1-2001, s. 43-44:

NOF'ere i fokus :

Namn : Roald Lomeland

Alder : 50 år

Bustad : Lomeland, Helleland

Yrke : kyrkjetenar / kyrkjegardsarbeidar/ småbrukar/ skogarbeidar

Når ble du interessert i fugl ?

Frå tidlege barneår. Far hadde litt greie på fugl, og viste meg rir av mange slag. Ei tid samla eg på egg samen med ein kamerat, men slutta heldigvis nokså fort med det. Snorefangsten som hadde eit voldsomt omfang i Dalane på den tida var nok og med og kvekte fugleinteressa. Det var nemlig ikkje berre trostar som hengde seg i snorene, men og artar som dompap, konglebit, båndkorsnebb og særlig sidensvansar i stort antal. Og til og med spurveugle og varslar er blant dei som eg har fanga. Så er har dessverre mange slags liv på samvitet.

Når ble du medlem i NOF ?

Frå våren 1968. Det var dei to fugleveteranane i Dalane, Alrik Nilsson og Sigurd Brekke ( som nå begge er døde) som fekk meg med på dei fyrste turane både i Dalane-heiane og til Jærstrendene.

Hvordan praktiserer du fugleinteressen din ?

Eg er vel nokså smalspora med fugleinteressa mi. Litt fleipete kan ein vel seia at eg berre er skikkelig interessert i 3 slags fuglar : Dei som ligg på egg, dei som har mat i nebbet og dei som heng i nettet.
I 70- og 80-åra la eg ned tusenvis av timar i arbeidet med atlas-inventerigane, i hovudsak her i Dalane. Det har i grunnen aldri vorte så mykje med meg utanom hekkesesongen. Men då vert det ganske mange morgonturar medan kona og ungane søv, mest for pullus-ringmerkjing.
Eg driv også litt ringmerkjing med nett om hausten. Må alltid ha nokre dagar ved Eigerøy fyr kvar haust, mest for å nyta roa og einsemda der ute. Ellers er eg med på hekkefugltaksering, hagefuglteljing, svaneteljing m.m.

Hva er dine favorittlokaliteter og hvorfor ?

Det er vel helst Lomeland som er favorittlokalitet nr. 1, for her har eg fulgt fuglelivet gjennom ca. 40 år. Og finn det svært interessant å sjå korleis det endrar seg over tid med førekomsten av dei ulike artane. 
Ellers har eg fleire fine lokaliteter i Helleland og Bjerkreim som eg vitjar fleire gonger kvar sommar. Særlig områder der vi har dreve granplanting har ofte eit rikt og var5iert fugleliv.

Hva er din(e) favorittfuglegruppe(r) ?

Hakkespettane er nok den fuglegruppa eg likar best. Eg har sett dei her heime fleire gonger alle saman, men nå er det snart 30 år sidan eg har sett tretåspetten. 
Sangarane er også ei gruppe eg alltid registrerer med stor interesse. Fleire av desse er jau kome inn som nye innslag her i mi tid.

Hva er favorittfuglen din og hvorfor ?

Stjertmeisen er utan tvil den fuglen eg beundrar mest. Både er den vakker, er selskapelig og tillitsfull, er lett å observera og byggjer eit utrulegt kunstverk av eit reir. Og det som imponerer meg mest: At den kan fora opp så mange ungar. Eit par gonger har et funne reir med 13 ungar, og då ligg ungane i tjukke lag i det tronge reiret. At dei så ligg på botnen kan få pusta og få seg mat er berre fantastisk.

Hvor mange fuglearter har du sett ?

Eg hadde ikkje peiling, men har nå rekna over litt, men kom ikkje til meir enn ca. 215 sikre, men så er der vel 20 - 30 som befinn seg i "gråsona". Eg hugsar ikkje om eg såg den eller den arten på Jæren i slutten av 60 - åra, eller om eg berre høyrde snakk om den. Eg er definitivt ikkje smitta av kryssesjuka.

Hvilke 5 arter skulle du ønsket å ha sett ?

Pirol, hærfugl, skjeggmeis, pungmeis og jerpe.

Din største opplevelse med fugl ?

Det var ei fin oppleving då eg her i Helleland for eit par år sidan fann reir av nøtteskrike for fyrste gong. Den rasande fuglemora (eller kanskje det var faren), slo 8 - 9 gonger borti hovudet mitt medan eg sat på marka og ringmerkte ungane. 
Ellers var det kjekt då eg ved fyret for nokre år sidan fanga og ringmerkte 3 gråspettar på ein dag, 2 stk. i eit nett samstundes.
For ikkje å snakka om då blåstjerten hang i nettet heime ein oktoberdag i 1995.

Har du hatt verv i NOF - og hvilke ?

Eg har vore styremedlem nokre få år både i NOF-Dalane og NOF- Rogaland. Eg har og vore såkalla fylkeskoordinator for vinterfuglteljinga i Rogaland i mange år, men det er gått filleveien, og det er ikkje berre mi skuld.

Hva mener du om Falco ?

Det er alltid kjekt å få Falco i hendene, men det burde vore mykje fleire småstykkar. Her er det mange som burde ha dårlegt samvit, meg sjølv inkludert i høgste grad. Spalta "NOF'ere i fokus" må absolutt verta eit fast innslag i kvart nummer.

Hva er bra i NOF - og dårlig ?

Det er gildt at ein får høve til å vera i lag med så mykje greie folk. Det elendigaste er sjølvsagt den sjau som vel vore på topp - planet i NOF. Får håpa og tru at det er eit tilbakelagt stadium. Ellers irriterer det nok meg litt at ein del NOF-arar er så negative til skogplanting. For dei aller fleste artane er dei positive verknadane langt større enn dei negative.

Hva med møte - og ekskursjon virksomheten i lokalavdelingen?

Her i Dalane har vi kjekke samkomar ei gång i månaden, oftast med innslag lysbileter, og alltid ein god drøs. Men dette siste er neppe godt nok rekruttane våre. Før vi hadde vi nesten alltid konkurranser på møtene våre, men er blitt litt sløve med det i det siste. Vi bør nok retta på det. Ekskursjonsprogrammet vårt må eg absolutt seia er rikt og variert, berre så synd at eg litt for skjeldan får høve til å væra med.

Hva bør NOF satse mest på ?

Forutan det alltid viktige rekrutteringsarbeidet, så bør ein bli flinkare til å få dei etablerte ornitologane med på diverse teljingar og undersøkelsar. Det er ei skam at vi her i Rogaland berre har vore 4 dalbuar som har delteke i den landsomfattande hekkefugltakseringa.

Har du andre interesser - og hvilke ?

Ja, det skal vera sikkert visst. Alt frå fem - seks årsalderen hadde eg ein voldsom interesse for geografi. Har etterkvart avgrensa det til Norges geografien. Frå om lag same tid har eg alltid vore sportsidiot, i alle fall om vinteren. Har prøvd å avgrensa det til skeiserenn, men eg slukar nok det meste av skisport også. 
Så er eg interessert i nær sagt all slags statistikk. 
Videre er eg sjølvsagt litt interessert i arbeidet mitt på alle områder, men nokre vil gjerne hugsa at eg engasjerte meg litt på nei - sida i EU - kampen i 1994. Saman med resten av familien er eg naturlegvis friluftsmenneske i langt videre forstand enn berre det som angår fugl.
Og i dei siste åra er interessa for slektgransking, lokalhistorie og slikt vorte ein farleg konkurrent til fugleinteressa. Så at døgnet berre har 24 timer er nok det som irriterer meg mest her i livet.

Har du ett spesielt ønske til slutt ?

Å, ja, eg har nok mange svært spesielle ynskjer, men er komen til at det er nok det beste at dei ikkje kjem på trykk. Eit ynskje i skrivande stund som neppe som neppe kan kallast spesielt: At det snart må slutta å regna så vanvittigt kvar bidige dag.