Observasjoner

Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019
  21. 2020
  22. 2021
  23. 2022
  24. 2023
  25. 2024

Steppehauk!

Rune Edvardsen og underteikna var ute på i dag og talte rovfugl på Eikeland i Bjerkreim. Det var ikkje det store draget men me oppdaga ein Vepsevåk som skrudde over Moifjellet. Den flaug litt fram og tilbake før den skrudde rundt Moisendaren og forsvant vidare nordover. Litt seinareblei det oppdaga ein kjerrhauk som sirkla rett nord for der me sto. Etter å ha studert den nærmare kunne me etterkvart notere alle kjenneteikna og artsbestemme den til Steppehauk! Ny for Dalane! Steppehauken sirkla rundt i ca eit kvarter før den trakk nordover mot Lassaskaret. Det blei sett ca 30 rovfugler på godt 4 timer. Også ein Lappsporv trakk over. Dette er 2.dre gongs funn for Bjerkreim.

  • John Grønning
  • 15. September 2009

Rovfugler

Hausten er her og rovfuglane er snart på trekk igjen. På dager med sol og austavinder er det gang i rovfuglene.
Gunnar Skjerpe skal telle rovfugler rundt Flekkefjord 14-15.8 og om nokon er interessert i å vere med, så er det bare å ta kontakt med han.
Eg kjeme til å telle frå Eikeland når eg har anledning.
Det blir også ein eller anna form for rovfugltelling i samband med ringmerkingsturen til Mydland 23.8.

  • John Grønning
  • 6. August 2009

Vellukka ringmerkingstur

Laurdag 27-6 drog Vegard og eg i veg med kurs for Hardangervidda i håp om også i år å få merkja nokre "fine" fuglar.

  • Roald Lomeland
  • 8. July 2009

Morgentur med ankomsttider på Tengesdal

Var ute ein runde på Tengesdal i dag tidleg. Ein Vendehals skreik langs elva. Kort etter høyrte eg gauken gol ved travbanen. Eit par med Dvergspett tromma ivrig på 2 telefonstolper i Gådå. Sivsangeren sang ivrig i sivet. På veg heimover måtte eg stoppe pga ei sang eg ikkje kjente igjen, Svartkviten satt og sang i eit tre rett ved veien..

  • John Grønning
  • 26. April 2009

Telling av ilanddrevne sjøfugl

Eg var ute og talte på strendene på N-Eigerøy og frå Ogna til nordenden av Brusand i dag. På Skadbergsanden låg det kadaver av ei Gråmåke, ein svartbak og ein Tjeld. På Samslått låg det kadaver av 2 havhest og på Seglemsstranda låg det ein havhest. Same plass høyrte eg ein Sivsporv og såg ei Gravand.
Kjørte vidare til Brusand Camping der eg parkerte og gjekk langs stranda. Fant ei Ærfugl hu og ein alkekonge heilt nord på Brusanden Det var bra med dykkare og Storlom (6stk) utforbi campingen. 1 Varslar flaug over same plass.

  • John Grønning
  • 14. March 2009

Kongeørn og vandrefalk på Svåheia

Da været stilnet tok jeg meg en rask kveldstur til bl.a. Mong i Eigersund. Der fløt av vann overalt i bekker og på jorder etter nattens kraftige regnvær. På veiens høyeste punkt i Mong hadde jeg god oversikt. Over 100 svartbak og 300+ gråmåker satt i ly på ytterste odde, men ingen "hvite" måker. 4-5 gråtrost og en hørt rødvingetrost like ved. En kongeørn satt på en varde ved Svåheia, og mens jeg studerte ørna i teleskopet kom en vandrefalk flere ganger flygende nær ørna. Samtidig kommer en enslig grågås høylytt flygende utover mot havna nesten rett over meg. Lite fugl ellers i området.

  • Ivar Sleveland
  • 18. January 2009