Lokallagsturen til Eigerøy fyr

Publisert: John Grønning Monday  14. May 2007

Kort rapport frå turen. Bilder vil bli lagt ut etterkvart.

Johan Tore, Rune og underteikna reiste ut fredag kveld. Det blei satt opp nett og skåda litt på sjøen. Totalt 24 arter frå 1900 og utover.
På plass på fyret 0500 lørdag morgen. Litt Smålom i siget nordover. Totalt 136 ind i løpet av dagen. Ellers 2 Storlom, 1 ad Gulnebblom, 9 Toppand, 230 Svartand, 5 Fjøreplytt, 71 Småspove, 7 Polarjo, 9 Tjuvjo,1 Splitterne, 20 Låvesvaler.  Totalt 54 arter i løpet av dagen.
Turistforeningen dukka opp i ett-tida. Dei blei viste rundt og fekk vere med på ringmerkinga og trekkskådinga frå fyret. I 6 tida fyrte me opp grillen og hadde litt sosialt samvær til regnet satte inn i 19 tida.
Søndag morgen var det heldigvis opphold og været blei bare bedre utover dagen. Trekktelling frå fyret 05-11. 237 Smålom, 1 Gulnebblom, 100 havsuler, 80 Havhest, 1 Kvitkinngås, 7 Grågås, 29 Toppand, 271 Svartand, 3 TAFFELAND (Bombe her ute!), 220 Tjeld, 180 Polarsniper, 13 Polarjo, 10 Tjuvjo, 120 Makrell/Rødnebbterner, 1 Taksvale (Bra sjeldent her ute), 1 Møller og 1 sy Tornsanger. Med arter notert å veg inn kom me opp i 60 arter på søndagen.
Det blei ringmerka ein Tornsanger på lørdag morgen. Av andre arter blei det mellom anna merka Lauvsanger, Brunsisik, Bokfink.
Turen blei avslutta i 12 tida.

John