Listaturen 1.4

Publisert: John Grønning Monday   2. April 2007

Referat frå NOF-Dalane sin tur til Lista 1.4.2007.

7 stk møtte på Krossmoen kvart øve 5 på morgenen. Me ankom Lista fyr rett før 7 og rusla utover mot Steinodden i soloppgangen. Artane blei notert fortløpande av Roald etterkvart som dei blei oppdaga. Bokfink, Rødstrupe, Jernsporv, Måltrost og ikkje minst Sanglerke dominerte sangkoret. På veg utover såg med fleire Gråstrupedykkare liggande på sjøen. Ein Snøsporv og nokon Tornirisk trakk over hodene. Me returnerte via Seviga til fyret for frokost.

Turen blei satt sørover med stopp i Borhaug havn og Tjørvehav for å leite etter Svartrødstjert og Svartstrupe, men utan resultat. Rune oppdaga imidlertid ein Steinskvett, den første på Lista i år. På Østhasselstrand fant me igjen Svarthalsdykkaren som blei funne 31.3. Trass litt hold kunne me studere fleire av kjenneteikna i teleskopet. På Nesheimsvatnet låg det 3 Lappfiskender. Etter ein kjøretur på Kviljo kjørte me tilbake til Borhaug for servering i Havnekiosken.

Kursen blei nå satt nordover men med ein produktiv stopp i Jøllehavn der med fant igjen Gulnebblomen som var rapportert på morgenen. Det låg også ein Storlom der. Totalt klarte me 71 arter på turen medrekna ei Kongeørn som blei oppdaga langs veien på veg heim.