Mellomskarv dokumentert i Bjerrkeim

Publisert: John Grønning Monday   5. March 2007

Etter fleire år med stadig fleire Storskarver i Bjerkreim, både trekkande inn frå sjøen og fugler som holder seg opptil fleire månader i same vatn, lukkast eg på søndag endeleg å dokumentera ein Mellomskarv (P.C.Sinensis) i Bjerkreim! Ein flott voksen klassisk fugl satt på Eikjevatnet i lag med fleire andre vanlege (carbo) storskarver.
Eg har sett Mellomskarv tidlegare, men har aldri fått dokumentert desse.
(For ordens skuld: Bildet er tatt på langt hold ein overskya dag med høg ISO og kraftig forstørra på PC)

Det som skiljer P.C.Sinensis frå P.C.Carbo er mellom anna vinkelen på gapet, form og storleik på "gular pouch" (Beklager, aner ikkje det norske navnet på dette, det er det mørke feltet innerst på haka under den oransje flekken), stor og jamn form på det kvite feltet bak gapet.

Vanliger carbo'er vil ikkje vise så stor "Gular pouch", Vinkelen mellom nebbet og "gular pouch" vil vere ca 70', ikkje 90 ' som vist på "sinensis" bildet.