Rosenstare på Tengesdal

Publisert: John Grønning Thursday  28. September 2006

Var ein kort kveldstur på Tengesdal i dag. Gjekk frå travbanen mot Gådå. Skremte opp 3 Enkelbekkasiner langs kanalen. Eg oppdaga ein stareflokk på taket på ein låve og tenkte at; Jøss, det hadde vore moro med ein ny Rosenstare etter fuglen i fjor. Då eg kom nærmare oppdaga eg at det faktisk VAR ein Rosenstare i flokken! Fekk akkurat lagt ut meldinga før telefonen var tom for straum. Sprang tilbake til bilen og kjørte rundt til Gådå. Klarte å få tatt nokon bilda i det dårlige lyset før fuglen forsvant.