Eigerøy fyr 13-14.5

Publisert: John Grønning Sunday  14. May 2006

Rapport frå fyrturen i lag med Barnas turlag frå Turistforeningen. Nye bilder og tekst er lagt inn 17.5.

Johan Tore og underteikna reiste ut på fredag kveld og satte opp netta. Lørdag morgen var me på plass på fyret i hal 6 tida. Rune E og Laif Arne dukka opp utover formiddagen Det gjekk Smålom nesten med ei gong og før 6 trakk den fyrste Gulnebblomen forbi. Nordavinden gjorde at trekket gjekk litt ut frå land, men det var nær nok til at me fekk sjå fuglane godt.

Totalt hadde me 262 Smålom, 2 Gulnebblom, 300+ Havsuler,1 Storjo, 1 Tjuvjo og litt makrell-og Rødnebbterner for å nevne noko. Smålomantallet er noko av deg beste dagsresultatet me har hatt.

I dag, søndag,  hadde vinden drøya litt over på NØ og spakna. Det var betydeleg mindre fugl på trekk i dag. Totalt for dei mest interessante på sjøen: 111 Smålom, 3 Gulnebblom, 2 Storjo, 1 Tjuvjo, 3 Splitterner, 3 Lunder.

Ellers blei det sett 1 Rødstjert 13.5, 1 Tårnseglar og 1 Svart kvit fluesnapper 14.5.

Turistforeningen kom utover i 13 tida på laurdagen. Totalt var det 21 stk med stort og smått i tillegg til 5 stk frå fugleforeningen. Me hadde oppe nett og fekk synt fram både fugl og ringmerkinga. Totalt blei det merka 14 fugl i går og 4 fugl i dag. Fleire prøvde og fiskelykka på svaberga utforbi fyret med minst 3 fisk som resultat.

Laurdagen blei avslutta med fellesgrilling og sosialt samvær på plassen mellom husene. Fleire av deltakerane sov i telt. Turen blei avslutta i 12 tia i dag.