Orrfugl leik med tilbehør

Publisert: John Grønning Saturday  22. April 2006

Var på plass på Orrfuglplassen rett over 4 i dag. Det lysna såvidt i aust allerede i halv 5 tida. Det var beinkaldt med 2 minusgrader. Rett før 5 høyrte eg dei første Orrfuglane. Sola dukka over fjellet i halv sjutida, og bildane flagra. Fekk problemer med den harddisken og måtte slette bilder frå kortet for å få plass til fleire. Totalt 8 orrfugl kom på spelplassen. I halv 8 tida stakk plutseleg fuglane frå plassen og oppover i lia. Eg fulgte etter og brått sto eg 4 meter i frå 2 Fjellerker! Også 1 flott Snøsporv M var med dei! Fekk knipsa eit par bilder av Fjellerkene før dei flaug vidare. Dette er min andre observasjon av arten i Bjerkreim.
Ein sjekk på 2 Fossekalllokaliter avdekka reir på den eine plassen, men ikkje den andre.