Tundrasædgjess? på N-Eigerøy 24.1.2006

Publisert: John Grønning Thursday  26. January 2006

Ein ettermiddagstur til Eigerøy fyr og bilder av antatte tundraSædgjess frå Seglem.

Reiste ut til Eigerøy fyr på ettermiddagen 24.1. Det var bra med fugl sjølv om det var lite spurvafugl å sjå.
Heile 18 Knoppsvaner låg i bukta. Det låg og bra antall med Kvinand, Stokkand, Siland og Svartand. 3 Rugder, 3 Gråtrost og 1 Svarttrost var av det mest spesielle.
Det mest interessante var 3 Gjess på Seglem. 2 Sædgjess synte karakterer til tundrasædgjess (A.f.rossicus). Det var og ei Ringgås av underarten A.b.berbicla.
29 Viper, 3 Myrsniper, 1 Enkelbekkasin, 3 Stillits, 120 Starer og 50+ Gråtrost same plass gav vårstemning. Parkerte bilen og kraup nærmare i ly av nokon hauger. Ved andre forsøk såg dei ut til å ignorera meg meir og beita rolig.
Det er i det siste sett fleire gjess (Tundra-, Sæd- og kortnebbgås langs kysten frå Austlandet til Karmøy. Det har også kome eindel Viper. Dette skuldast nok værsituasjonen dei siste 2 vekene med kraftige vinder frå sør. Fleire av Sædgjessene er rapporterte som tundrasædgås, ein underart som det ikkje er godkjent funn av i Norge. Dette pga problematikken med å skilja underartane sikkert med hensyn til overlappande karakterer sjå dei 5 underartane av Sædgås.

Gråtrost Seglem 24.1.2006. Mistenksom pga ein katt 10m unna..

3 av 18 Knoppsvaner i bukta på veg mot Eigerøy fyr

Mørkbuka ringgås Seglem 24.1.2006

Sædgjess med karakterer til u.a.rossicus

Sædgjess med karakterer til u.a.rossicus

Sædgås og Ringgås Seglem 24.1.2006