Eigerøy Fyr 5.11.2005

Publisert: John Grønning Sunday   6. November 2005

Inntrykk frå ein spesiell dag...

5.11.05 er ein dag eg vil huske lenge. Både på grunn av observasjonane som eg gjorde den dagen og reaksjonane etterpå.

Eg gjekk utover mot fyret i lysninga rett før 8 på morgenen. Litt "tungt" i været men det såg ut til å bedre seg. Eit kraftig regnvær hadde passert over i løpet av siste 24 timer. Det var derfor med godt håp at eg la i veg utover. Sidensvansen dukka opp nesten umiddelbart då eg byrja å gå. Småflokker med Gråsisik og Grankorsnebb dominerte i lufta utover langs vegen. 2 ubestemte vadere eg skremte opp rett før bukta ga meg hodebry, men eg klarte ikkje sjå kva det var slags art. Ein Gråspett varsla i Rødtoppskogen (1.ste plantinga ein kjem til på veg utover). I det eg rundar svingen der ein kan sjå linken, ser eg fleire Gråtroster og Svarttroster som kjem trekkande over frå vest og inn i skogen på nedsia av Linken. Eg passerer siste grinda og fleire Svarttroster flyg opp frå bakken og inn i skogen. Eg følger dei med blikket inn i skogen og brått hopper det fram ein Måltrost-stor trost på ei grein. Avstanden er ca 15 m, men eg ser det umiddelbart. "fuglen har jo kvit stripe over og bak auget"! Fjørdrakta var og skiftergrå/svart i forhold til Svarttrostane. Eg fokuserer på å sjekke hodeteikningane og undersida på kroppen. Noterer detaljer i minnet. Prøver å fomle opp kikkerten, men fuglen hopper vekk før eg får sett noko særlig i kikkerten. Eg står igjen med høg puls og skjelvande hender. Småsnakker med meg sjølv i opphisselsen. "Alt stemmer jo med ung hann Sibirtrost!! Bombe!! Fa..!! dette trur ingen på"! (Eg såg 3 Sibirtroster i Kina i 1998 og gjenkjennelsen var umiddelbar).

Eg trør forsiktig rundt skogen i håp om å sjå fuglen igjen. Svarttrostane ser ut til å trekke nedover mot sjøen og rundt fjellet mot hagen og hytta til Tommassen. Eg følger etter, men granplantingane er vanvittig tette og nærmast ugjennomtrengelige. Ser fleire Svarttroster i hagen til Tommassen, men ingen Sibirtrost. Dette stemmer jo perfekt med oppførselen til Sibirtrosten: Ein kjapp tur fram for å sjå kva som skjer og så vekk så fort som bara det.

Eg tar ein pause i tråkkinga og stiller meg på knausen bak hytta. Gulsporv i lufta, kan gå langt mellom dei her ute. Snakker ì telefonen då 3 flotte stillits plutselig flyr lydlaust forbi meg på 30m hold! Flokkar med opptil 130 Gråsisik trekker over. I ein Grankorsnebbflokk er det ein finkefugl med ein lyd eg har høyrt før: Kjernebiter! Andre funn for stasjonen!

Eg får telefon frå Leif Arne. Han og Daniel er på veg utover. Dei sjekker granholta på nytt, mens eg skåder på sjøen. 2 ad Gulnebblom trekker sørover kloss i land. Leif Arne og Daniel kjem også opp på knausen med hytta og får med seg 2 enkle ad Gulnebba på trekk S. Eg blir aldri lei den arten.. Me trør gjennom hagen igjen, men utan hell. Klapping og gjennomtråkking i skogen der eg såg Sibirtrosten gjer heller ikkje resultat.

Dette er 7.ande funn i Norge om det blir godkjent..

Nokre tall frå 5.11.05:

Gulnebblom 4 ad ptS, Smålom 5 ptS, Hønsehauk 1F ptS over Seksarvika, Vandrefalk ad F, Spurvahauk, Tjeld 5+, Alkekonge 50+, Alke 20+, Gråspett 1, Gjerdsmett 30++, Rødstrupe 15+, Gråtrost 150+, Svarttrost 30+, Sibirtrost 1kM, Gulsporv 5+, Sivsporv 2+, Snøsporv 10+, Grankorsnebb 200+, Sidensvans 300+, Gråsisik 1500+,Tornirisk 2 m.m. Totalt 48 arter.