MEGABOMBE på Eigerøy fyr i dag

Publisert: John Grønning Monday  15. September 2003

Ein EIKESANGER (phylloscopus bonelli) blei oppdaga i dag i granplantingane på vestsida av midtbrødøya.

Tusla ut på fyret i dag tidleg. Skremde opp ein Tårnfalk ved Rødtopp-skogen. Byrja sjøfuglskådinga i halv 8 tida, men det var lite trekk. Klokka 9 slutta eg av og gjekk ein runde igjennon hagen til Tommassen. Eg fortsatte vidare vest for å¨sjekka granplantningane der. Fant ei meisaflokk og starta med å "pisha" dei. Brått høyrde eg ein lyd som best kan skrivast som "tuuiii" med trykk på "iii". Det gjekk kaldt nedetter ryggen på meg, den lyden kjente eg frå ein spesiell sanger eg stifta kjennskap med i Spania i 1999!!. Då blei eg var ein sanger med kontrastlaust ansikt, lysande gule bremmer på vingefjøra og distinkt askegrå underside som hoppa rundt i trærne. Den reagerte ivrig på pishinga mi og kom ut i åpent lende. YESS! Eikesanger!!! (tidlegare vestleg bonelli) På drakta såg den ut som ein furusanger (tidlegare austleg bonelli, ein art eg kjente frå Israel), men lokkelyden var definitivt Eikesanger. Eg nøyt sangaren i 10-15 min, før eg labba til hytta for å sjekke boka. Ringde så til Morten K og fortalde han om observasjonen. "Me e på veg" var svaret. Rusla tilbake til skogen og fekk sett sangeren ei gong til. I løpet av dagen har det vore innom minst 15 mann som alle har fått sett fuglen. Den blei sist sett av Gunnar Gundersen ca kl 19.  Fram til 2001 er det 6 godkjente observasjoner av Eikesanger i Norge.