Ringmerkingsturen på Lomeland

Publisert: Roald Lomeland Sunday  21. August 2011

Her er referat og noen bilder fra ringmerkingsturen på Lomeland på søndag. Bildene er tatt av Ottar Pettersen fra Egersund.

Endå ei gong var vergudane ganske snille med oss på den årvisse ringmerkjingsdagen, i år 14/8. Meldingane heile veka var trøsteslause: Regn og vind heile søndagen. Her kom nokre dropar i 6-7-tida, men dei skræmde ikkje vekk korkje fugl eller folk. Kjekt å sjå 3-4 ansikter som vi ikkje har sett før på ringmerkjingsdagane. I alt var her 10 personar innom. Det vart ganske travelt i 9-tida då det brått hang ca. 100 brunsisikar samstundes i netta. Fangsten ellers var også over all forventning, nøyaktig 100 fuglar fekk ring utanom dei 131 brunsisikane. Vinden var ganske frisk det meste av dagen, men fyrst i 18-tida byrja det med jamnt småregn. Då var det berre den harde kjerne (Ivar og Vegard) som heldt ut, og dei lukkast i å fanga 14 svaler før mørkret og høljeregnet kom. 

21 arter hamna i netta: Brunsisik 131, lauvsanger 26 (+ 1kontr.), grønsisik 15, låvesvale 14, sivsanger 7 (+ 4 kontr.), rødstrupe 6, måltrost 4, hagesanger 4, munk 3, blåmeis 3, gråfluesnapper 3, svartkvitfluesnapper 3, rørsanger 2, trepiplerke 2, jernspurv 2, bokfink 2, sivspurv 2, buskskvett 1, svarttrost 1, spettmeis 0 (2 kontr.) og kjøtmeis 0 (1 kontr.)       Kontrollane var stort sett eigenkontrollar av nyleg merkte fuglar, men 2 av sivsangerane var framande. Utanom det som kom i netta var det i grunnen ikkje så mykje spesielt som vart sett, men 2 skrikande musvåkar hang over oss og ein grønspett gav også lyd frå seg.