John Grønning

Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019

Blåmeis

Var ute og fotograferte her om dagen og fekk tatt nokre bilete av Blåmeis. Det var ikkje bra lys så eg var ikkje heilt førnøgd med resultatet då eg sjekka på kameraet. På PC'n var det eit heilt anna resultat. Det er ein heilt utruleg blåfarge på Blåmeisen...

John

  • John Grønning
  • 27. november 2010

Havørn!

Når frosten kjeme og småvatnene fryser til, så er det gode sjanser for å få sjå Havørn i Fotlandsvatnet. Dei siste vekene har det blitt sett opptil 7 Havørner i Fotlandsvatnet og på Tengesdal.

På fredag kjørte eg innom Fotlandsvatnet for å ta ein sjekk før helga. Eg blei gledeleg overraska då eg talte 11 havørner. Fleire av dei var i lufta og ga flotte oppvisningar i lufta.

  • John Grønning
  • 27. november 2010

Sidensvans i hundrevis!

I går var eg på Eigerøy og sjekka om det var ilanddrevne sjøfugl. På veg heim måtte eg innom på Perrongen eit ærend. Då eg kom til rundkjøringa der så kjørte eg inn i ein sverm av Sidensvans! Det var hundrevis av fugl i buskene der. Annslagsvis 1500 fugl svirra rundt på parkeringsplassen og i hagene på oppsida av vegen. Kjørte ein kjapp runde over deler av Husabø/Rundevoll/Prstadalen og deler av Havsøyne. Fant 2 flokker på rundt 500 og fleire småflokker. Kor mange Sidensvanser det egentlig var i Eigersund i går er uvisst men det var ikkje få!

Roald Børve hadde i tillegg 300 stk på S-Eigerøy.

  • John Grønning
  • 24. oktober 2010

Mandarinanda

Ei Mandarinand har vore ved Eikunda den siste veka. Ein utruleg flott fugl.

  • John Grønning
  • 7. februar 2010

Isfuglen

To bilder av isfuglen som var i bjerkreim første veka i januar.

  • John Grønning
  • 18. januar 2010

Kattugle i sjøhus!

Eg fekk telefon angåande ei ugle som hadde kome seg inn ei sjøbod på Eigerøy. I lag med Rune svingte eg innom for å sjekka kva art det var snakk om. Det synte seg fort at det var snakk om ei Kattugle. Då var spørsmålet om hu var ringmerka. Etter fleire forsøk på å fanga ugla, fekk me tilslutt fanga hu. Det synte seg at Kattugla var ringmerka av Ivar Sleveland i Kontrari i Egersund 15.5.09.

  • John Grønning
  • 18. januar 2010

Bilde av Vinterjunkoen i Grimstad

Bare eit bilde av Junkoen :-)

  • John Grønning
  • 5. januar 2010