John Grønning

Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019

Silkeheigre i Bjerkreim!!

Eg fekk telefon på mandag morgen om ein kvit antatt Silkeheigre som gjekk på eit jorde på Bjerkreim. Fekk Dag Norman Sværi til å sjekke den opp og han bekrefta fuglen ein halvtime seinare.
Då var det bare å gje beskjed til kunden eg var sjå at eg måtte reise. Kom fram og fekk sett fuglen før eg reiste heim og henta fotoutstyret. Heigra var utruleg sky og eg tok kun dokumentasjonsbilder før eg lot fuglen vere i fred. Silkeheigra blei sett kort på Soksemone og i flukt over Tengesdal dagen etter. Sidan er den ikkje sett. 1.ste funn i Bjerkreim og eit utruleg seint eit i Norge..

  • John Grønning
  • 1. desember 2009

Stare

Gådå på Tengesdal er ein plass kor Starane overnattter. Eg var på plass 1 time før skumringa. Snart var den første flokken på 42 Starer over meg. Det kom heile tida inn småflokkar frå 3 til 50 fugler og slutta seg til flokken. dei flaug fram og tilbake over området. Tilslutt talte eg 550 Starer i flokken. Eit mektig syn mot rødlig himmel i vest. Plutselig stuper heile flokken loddrett ned i sivskogen og forsvinner. Kun skvaldringa høyrast før det blir stille frå sivskogen..

  • John Grønning
  • 12. november 2009

Furukorsnebb på Skadbergsanden

såg ein flokk på 8 furukorsnebb på Skadbergsanden i ettermiddag. dei virka rimelig stabile i buskfuruene.

  • John Grønning
  • 12. november 2009

Hornugle

Rune edvardsen og underteikna deltok på seminar på Rennesøy lørdag 7.mars. På veg heim stoppa me på Sola der det er registrert fleire Hornugler dei siste vekene. Me stoppa ved eit granholt og jammen satt det 3 stykker i trærne!
Fuglane brydde seg døyten om at me sto 3 meter frå dei. Megaoppleving!

  • John Grønning
  • 10. mars 2009

Grønlandsmåka i havna

Denne Grønlandsmåka ar hatt tilhold i havna ei stund.

  • John Grønning
  • 15. februar 2009