John Grønning

Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019

Svarthetteparulaen på Reve

Ny for Norge. Har vore på Reve sidan 2.11.

Også 1 Dvergdykker frå Slettebøvatnet i regnværet i dag

  • John Grønning
  • 11. november 2006

Utsira 13-15-10.06

Rapport frå ei helg på Utsira..

  • John Grønning
  • 16. oktober 2006

Rosenstare på Tengesdal

Var ein kort kveldstur på Tengesdal i dag. Gjekk frå travbanen mot Gådå. Skremte opp 3 Enkelbekkasiner langs kanalen. Eg oppdaga ein stareflokk på taket på ein låve og tenkte at; Jøss, det hadde vore moro med ein ny Rosenstare etter fuglen i fjor. Då eg kom nærmare oppdaga eg at det faktisk VAR ein Rosenstare i flokken! Fekk akkurat lagt ut meldinga før telefonen var tom for straum. Sprang tilbake til bilen og kjørte rundt til Gådå. Klarte å få tatt nokon bilda i det dårlige lyset før fuglen forsvant.

  • John Grønning
  • 28. september 2006

Eigerøy fyr 2.9.06

Ein kort tur ut i middagstider. Lite fugl på veg utover men 2 spurvehauk trakk over. Ein times tid på fyret produserte 2 ad Smålom ptS, 31 Grågjess og 2 nye spurvahauk. Hadde me ut nye loggskjema så nå skal det holde ut haustsesongen..
Rusla innover på vest og fekk fleire dagsarter m.a: Toppmeis, Kjøttmeis, Dvergfalk, Lauvsanger for å nevne nokon. Det var overraskande mykje sommerfugler ennå med fleire admiraler og tistelsommerfugler. Såg også 1 brunflekket perlemorvinge og engringvinge.

  • John Grønning
  • 3. september 2006

Nye bilder

  • John Grønning
  • 17. august 2006

Eigerøy fyr 4-6.8.2006 Lokallagsturen.

Johan Tore, Kjetil Rødland og Helge Grastveit reiste ut fredag kveld og satte opp netta. 7 Havsvaler i netta og minst 3 til over blei resultatet. 2 Splitterner var det mest spesielle på sjøen. 25 fugl blei merka på lørdagen med 1 Møller og 1 Steinskvett som det mest uvanlege. Stasjonens andre Tornskate, 1 sd M, blei sett kort rett bak hovedhuset.
På ettermiddagen dukka det opp fleire folk og grillen blei tent. Totalt 9 personer var med på sosialt samvær før me heiste Havsvalenetta i 11-tida. Allerede halv 12 hang den første svala. På neste runde hang det 6 stk i netta, mens 2 til gjekk i rett etterpå. Underteikna blei liggande under netta mens dei andre køya. 5 svaler til gjekk i netta men 2 av desse kom seg ut igjen. Klokka 4 stengte eg netta og entra benken på kjøkkenet. Morgenen blei tilbrakt med skopene retta utover sjøen. Litt trekk utan dei store talla men 2 nye Splitterner og litt vadere nevnast. Underteikna retta skopet innover og oppdaga småflokker med sørgåande Grågås, totalt 83 ind. Plutseleg såg eg ein ungfugl Tornskate rett bak hovedhuset. Trass ein spurt innover med kameraet i handa, såg eg ikkje igjen ungfuglen. Derimot var Tornskate hannen på plass, men forsvant etter kort tid.
Det blei ringmerka 25 fugl på lørdag og 25 fugl på søndag. Artstotalen blei 48 på lørdag og 50 arter på søndag.

  • John Grønning
  • 8. august 2006

Bjerkreimsbuer i Finnmark....

  • John Grønning
  • 5. juli 2006

Trostesanger!

Trostesanger på Heigrestad i dag!

  • John Grønning
  • 10. juni 2006

Eigerøy fyr 5.6.2006

Var ein tur på fyret i dag med værmeldinger som lova Nordlig vind. Bra med småfugl på veg utover. Ein flokk med årsunger av Starer holdt til i første skogen. Eg skremte opp ei due då eg kom inn i hagen. Fekk kun sett silhuetten før hu forsvant, men reagerte på flukt og silhuett. Fant hu igjen på andre sida av hagen og fekk sett kjenneteikna klart. Fyrets 6. observerte Skogdue var eit faktum. Forrige observasjon var i 1994! Var på plass på ein ny plass utafor fyret i hal6 tida. Det trakk bra med Havhest og måker. Totalt trakk det også 35 Smålom, 51 Ringgjess på kloss hold, over 100 Grågjess ptS + bra med alkefugl. Totalt på formiddagen blei det sett ca 50 arter.
Ein flunkande ny Infoplakat har kome opp ved parkeringsplassen på Seglem.

  • John Grønning
  • 5. juni 2006

Sandsvaler

Sandsvalene er i full gang med reirbygginga...

  • John Grønning
  • 21. mai 2006

Eigerøy fyr 13-14.5

Rapport frå fyrturen i lag med Barnas turlag frå Turistforeningen. Nye bilder og tekst er lagt inn 17.5.

  • John Grønning
  • 14. mai 2006

Svartryggerle

På veg inn frå fyret 1.5 sjekka eg jordene på Seglem. Ein flokk på 6 Kornkråker og 11 Kaier var på jordene. Det same var 3 Svartryggerler og fleire Linerler, Sanglerker og Heipiplerker. Heldigvis var ei av Svartryggerlene samarbeidsvillig tross at eg måtte flytte bilen 9 ganger på grunn av stor trafikk!

  • John Grønning
  • 2. mai 2006

Havsuler

Sterk vind 1.5 gjorde at Havsulene strauk kloss i land, men det var ein utfordring å klare å følge dei mens dei passerte..

  • John Grønning
  • 2. mai 2006

Orrfugl leik med tilbehør

Var på plass på Orrfuglplassen rett over 4 i dag. Det lysna såvidt i aust allerede i halv 5 tida. Det var beinkaldt med 2 minusgrader. Rett før 5 høyrte eg dei første Orrfuglane. Sola dukka over fjellet i halv sjutida, og bildane flagra. Fekk problemer med den harddisken og måtte slette bilder frå kortet for å få plass til fleire. Totalt 8 orrfugl kom på spelplassen. I halv 8 tida stakk plutseleg fuglane frå plassen og oppover i lia. Eg fulgte etter og brått sto eg 4 meter i frå 2 Fjellerker! Også 1 flott Snøsporv M var med dei! Fekk knipsa eit par bilder av Fjellerkene før dei flaug vidare. Dette er min andre observasjon av arten i Bjerkreim.
Ein sjekk på 2 Fossekalllokaliter avdekka reir på den eine plassen, men ikkje den andre.

  • John Grønning
  • 22. april 2006

Fuglebilder

  • John Grønning
  • 27. mars 2006

Eigerøy fyr i bilder

Stemningsbilder frå Eigerøy fyr i vinter..

  • John Grønning
  • 27. mars 2006

Sangsvaner..

Diverse bilder av Sangsvaner..

  • John Grønning
  • 26. mars 2006

Sildemåker m.m

1 kort tur i dag i snøføyka. 1 Ringdue på Tengesdal er sansynlegvis ein trekkfugl då eg ikkje har sett nokon Tyrkerduer eller Ringduer på Tengesdal denne vinteren. Ein Storskarv på Fotland såg ut som ein Mellomskarv, men utifrå bildet er det nok bare ein vanleg Storskarv. Snøveret gjorde at eg ikkje fekk sjekka måkene på Slettebøvatnet skikkeleg. Etter ein tur rundt i havna og ein stopp på Statoil for å kjøpe smøresaker til Eilen på 1 1/2 år i baksetet, kjørte eg til Slettebøvatnet igjen. Nå låg det 4 Sildemåker på vatnet! Ting skjer...

Det sto 25 Hettemåker på Isen på Slettewbøvatnet i 6-tida i går kveld.

  • John Grønning
  • 26. mars 2006

Toppand

4 bilder av Toppand M frå Sirevåg forrige helg..

  • John Grønning
  • 25. mars 2006

Litt vårstemning

Ei vipe sto på Tengesdal i ettermiddag. Det var også 3 viper på Fotlandsvatnet. Stakk ein tur ut til Eigerøy etter arbeid. Tilsaman 60+ Viper, 30+ Tjeld og minst 250 starer var på jordene mellom Samslått og Seglem. Ein Horndykkar i Lundavika var på veg til sommardrakt.
Endeleg litt vårstemning.

  • John Grønning
  • 24. mars 2006

Tundrasædgjess? på N-Eigerøy 24.1.2006

Ein ettermiddagstur til Eigerøy fyr og bilder av antatte tundraSædgjess frå Seglem.

  • John Grønning
  • 26. januar 2006

5 bilder frå Listatur 7.1.06 og 2 Nøtteskriker

Rune E og eg var på Lista 7.1. Grått og overskya vær gjorde varmedresse god å ha. Me var på jakt etter Svartstrupetrosten på Borhaug, men den vart ikkje sett trass i leiting frå minst 15 fuglafolk. 1 Vannpiplerke og Brilleanda varma likevel.
Også 2 bilder av Nøtteskrike frå hagen min.

  • John Grønning
  • 15. januar 2006
Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019