John Grønning

Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019

Vinterstemning m.m

Tusla ein tur på Eigerøy fyr i grålysninga med fotoapparatet. Kanonflott stemning med soloppgangen og snøen. Bra med fugl på veg utover. Ein flokk på 40+ Snøsporv trakk over meg, 3 Dvergdykkare låg i bukta. Oppdaga ei Havørn over Seksarvika.. På veg ned mot Høyvika kom ei F Spurvahauk jaktande, strauk innover myrane på vest. Lite fugl i hagen, kun grankorsnebb over. Litt snøsporv og gråsisik i lufta også på veg innover igjen.
Ei samarbeidsvillig Heipiplerke på Samslått varma i minusgradene. Oppdaga ein Gransanger i ein hekk. Den mangla gult i fjørdrakta...Same plass var det også 120+ starer.

  • John Grønning
  • 17. desember 2005

Tengesdal i dag

Utnytta sola i dag til ein tur på Tengesdal med fotoapparatet. Lite spesielt, men 8 Grågås, 11 Kanadagås, ca 50 Sangsvaner, 1 Havørn og 1 Kongeørn. Også litt trost og Heipiplerke på jordene. Flott opplevelse med Havørna som skapte liv og røre i fuglane.
Havørna er fargemerka med 2 blå ringer som er koden for norske årsunger i 2004.

  • John Grønning
  • 4. desember 2005

Fyrtur, Ørkensteinskvett og Mongolpiplerke

Fyrtur med utrykning

  • John Grønning
  • 20. november 2005

Stare

Eg har hatt ei heller anstrengt forhold til staren i fleire år. Dette har si bakgrunn i frå ringmerking av stareunger i kasser med påfølgande skitt på nevane og diverse utøy på kroppen..... Då Rosenstaren dukka opp på Tengesdal blei det sjekking av Starer i store antall. Veka etter at Rosenstaren dukka opp var det eit relativt stabilt høgtrykk med fin kveldsol. Dette ga gode motiv for fotografering og eg må innrømme at kveldsol på staren er flott. Men derifrå til å merke starepullus er langt!

  • John Grønning
  • 1. november 2005

Rosenstaren på plass i kveld

Rosenstaren blei sett igjen i kveld. Totalt kom det inn over 2500 starer for overnatting i Gådå. Det var også 700+ Rødvingetrost på jordene i tillegg til mykje bjørkefink og Gulsporv.

  • John Grønning
  • 26. oktober 2005

Rosenstaren på plass på Tengesdal 15.10

Eit dårleg bilde av Rosenstaren m.m

  • John Grønning
  • 16. oktober 2005

Rosenstare i Eigersund og Bjerkreim!

Ivar fekk telefon i dag frå Einar Tønnessen angående ein Rosenstare i hagen hans i Sandbakkane i Egersund. Ivar fekk sett fuglen i ettermiddag. Eg var oppe i hal 5 - 5 tida utan å sjå fuglen.
Reiste til Tengesdal etterpå og fant ein 1k Rosenstare i lag med ca 1200 starer. Fekk tatt eit par dårlege bilder på langt hold og lite lys, før heile flokken letta og flaug mot sivet for overnatting. Rosenstaren gjekk ned i sivet saman med starene i det mørket seig på. Dette er første observasjon for Bjerkreim kommune. Det var art nr.212 for Bjerkreim. Arten er registrert i Eigersund, men er usikker på antall funn og omstendigheter.

  • John Grønning
  • 14. oktober 2005

Bilder av Nøtteskrike m.m

Stor Nøtteskrike invasjon på gang. Fleire Nøtteskriker er travelt opptatt med å frakte nøtter forbi huset mitt. 3 bilder av Nøtteskrike + eit av Blåmeis og Toppmeis. Meisebildene er frå Eigerøy fyr.

  • John Grønning
  • 1. oktober 2005

Rovfugltur 18.9.2005

Turrapport med bilder

  • John Grønning
  • 18. september 2005

Meir bilder frå ringmerkingsturen

Diverse miljøbilder eg tok i Gådå under ringmerkingsturen.
Av rovfugl blei det sett 2 1k Kongeørn og 1 Dvergfalk på trekk. Dessutan 1 Spurvahauk som jakta i sivet.
Det blei merka 115 Låvesvaler, 9 Linerler, fleire lauvsangere, gransanger, minst 1 Sivsporv, Blåmeis, min 4 Sandsvaler m.m. Minst 16 personer var innom i løpet av kvelden.

  • John Grønning
  • 13. september 2005

Nye fuglebilder

Diverse bilder frå august. Steinskvett frå Eigerøy. Ringdue og Låvesvale frå Tengesdal og ein mulig avvikande Isabellasteinskvett frå Reve på jæren. Det har i etterkant oppstått ein diskusjon om dette virkeleg er ein isabellasteinskvett. Dette med bakgrunn i at augestripa ikkje er kvit foran auga men kraftigst bak, nebbet er for tynt, tarsen er ikkje lang nok, alulaen burde vore meir framtredande, vingene er ikkje lyse nok. I tillegg tilseier værforholda ankomstdagen eit nordvestleg opphav. Stjerten syner meir svart enn normal steinskvett men dette kan muligens vere innafor variasjonen av steinskvett? Fuglen var kraftigere med ein typisk "Isabellaholdning". Eg har derfor endra tittel på bildene til mulig Isabella.

  • John Grønning
  • 30. august 2005

Diverse fuglebilder

Arter: ærfugl, brunnakke, furukorsnebb og stokkand.

  • John Grønning
  • 18. august 2005

Bilder frå havsvalefangst 12-13.8

Underteikna og Rune Edvardsen var ute for å fange havsvaler. NV liten og stiv kuling gjorde at me ikkje fekk noko fugl. Me fekk imidlertid flotte observasjoner av stjerneskudd frå Perseidene over himmelen.
Lørdagen var brukbar med tanke på vadertrekk og fleire arter blei notert.

  • John Grønning
  • 15. august 2005

Stemningsbilder frå Eigerøy fyr

Diverse stemningsbilder frå Eigerøy fyr.

  • John Grønning
  • 15. august 2005

Bilde av skjærpiplerke og vintererle

Bilde av en skjærpiplerke på Eigerøy fyr. Også bilde av vintererleunger. Sansynligvis den første kjente, om ikke den første, hekkingen av vintererle i Bjerkreim.

  • John Grønning
  • 16. mai 2005
Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019