Dalane

Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019
  21. 2020
  22. 2021
  23. 2022

Dvergspurv på foringsplassen

Jeg har i dag hatt besøk av en dvergspurv på foringsplassen i hagen på Frøyland i  Sokndal. Den holdt seg  der hele dagen, helst litt i utkanten under busker og trær, mens arter som bjørkefink, grønnfink, kjernebiter, gråspurv, grønnsisik og gråsisik dominerte i og under fuglemateren.

Den klarte seg også heldigvis godt etter et par angrep av en sulten spurvehauk!

  • Bjørn Erik Paulsen
  • 28. desember 2010

Sidensvans i hundrevis!

I går var eg på Eigerøy og sjekka om det var ilanddrevne sjøfugl. På veg heim måtte eg innom på Perrongen eit ærend. Då eg kom til rundkjøringa der så kjørte eg inn i ein sverm av Sidensvans! Det var hundrevis av fugl i buskene der. Annslagsvis 1500 fugl svirra rundt på parkeringsplassen og i hagene på oppsida av vegen. Kjørte ein kjapp runde over deler av Husabø/Rundevoll/Prstadalen og deler av Havsøyne. Fant 2 flokker på rundt 500 og fleire småflokker. Kor mange Sidensvanser det egentlig var i Eigersund i går er uvisst men det var ikkje få!

Roald Børve hadde i tillegg 300 stk på S-Eigerøy.

  • John Grønning
  • 24. oktober 2010

Ringmerking i Gådå

Mandag kveld var eg i Gådå og ringmerka. Resultatet blei 41 Linerle, 1 Røyrsanger og 1 Lauvas. Det var eindel Sandsvaler og nokre låvesvaler i lufta men dei gjekk ikkje ned i kanalen.

Hadde også ei sannsynleg Gulerle over nettet.

  • John Grønning
  • 8. juli 2010

Åtselgribben i Bjerkreim igjen!

Åtselgribben dukka som kjent opp igjen laurdag 8.5. Det var ein bonde på Oremoen som ringte meg og fortalte at gribben var sett på jordet hans. Fuglen blei ikkje sett igjen før meg og Rune fant han igjen på kvelden. Det var vel 20-25 personar som rakk å sjå han før det blei for mørkt. På søndagen var det jamnt sig av folk innom og fekk sett Åtselgribben. Mandagen var gribben sjeldan på vengene i snøveret og han blei ikkje sett igjen på tirsdagen. Kanskje har vergudane skremt han sydover igjen?

  • John Grønning
  • 16. mai 2010

Åtselgribb i Bjerkreim!

På søndag kom meldinga om at det var sett ein Åtselgribb over matningsdal i Hå. Sjokkbølga slo innover fuglafolka! Sanselaust.

Fuglen blei ikkje sett igjen den dagen eller mandagen. Heller ikkje tirsdagen blei gribben sett, før i halv 10 tia på kvelden. På morgenen sto det fleire folk på Lassaskaret og venta i håp om at gribben sko dukka opp. I halv 10 tida skrudde Åtselgribben opp frå område mellom Homsevatnet og Skinnansfjellet før han trakk over Brusali og karten til vill jubel frå dei som fekk oppleva han. Ei kort oppvisning i 12 tida var siste syn av fuglen før han forsvant i ukjent retning.

  • John Grønning
  • 7. mai 2010

Vipeoppdatering Lund

Ein rundtur i Lund ga heller nedslåande resultater. Kun 1 par fant eg, på Tekse på Ualand. Eg trur eg fekk med meg alle jordane frå Lundevatnet til Rusdal og Heskestad til Ualand.
Har høyrt igjen vipene på Tengesdal dei siste dagane. Det var gjildt å høyra dei igjen då eg kom ut den eine morgonen.
På Eigerøy ser det ut til å vere 10-20 territorier frå Skadberg og utover.

  • John Grønning
  • 14. april 2010

Mandarinanda

Ei Mandarinand har vore ved Eikunda den siste veka. Ein utruleg flott fugl.

  • John Grønning
  • 7. februar 2010

Kattugle i sjøhus!

Eg fekk telefon angåande ei ugle som hadde kome seg inn ei sjøbod på Eigerøy. I lag med Rune svingte eg innom for å sjekka kva art det var snakk om. Det synte seg fort at det var snakk om ei Kattugle. Då var spørsmålet om hu var ringmerka. Etter fleire forsøk på å fanga ugla, fekk me tilslutt fanga hu. Det synte seg at Kattugla var ringmerka av Ivar Sleveland i Kontrari i Egersund 15.5.09.

  • John Grønning
  • 18. januar 2010

Isfugl i Gådå

Fekk telefon i dag frå Dag Norman Sværi om at det var Isfugl i Gådå. På det tidspunktet passerte meg og Rune E mandal på retur etter å ha vore i Grimstad og sett på vinterjunkoen der. Etter å ha sluppet av Rune, kjørte eg direkte til Gådå og fekk sett og høyrt Isfuglen! Vannriksa var også på plass i sivet.

  • John Grønning
  • 2. januar 2010

Rørdrum på Hellviksvatnet

Fekk telefon i dag angåande ein Rørdrum som blei sett i 3-tida i går ettermiddag på Hellviksvatnet på Hellvik. Fekk oversendt bilder via Ivar og har lagt dei ved her.
Observatør er Rune Slettebak.

  • John Grønning
  • 1. januar 2010
Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010
  12. 2011
  13. 2012
  14. 2013
  15. 2014
  16. 2015
  17. 2016
  18. 2017
  19. 2018
  20. 2019
  21. 2020
  22. 2021
  23. 2022