Dalane

Ringmerking i Gådå

Mandag kveld var eg i Gådå og ringmerka. Resultatet blei 41 Linerle, 1 Røyrsanger og 1 Lauvas. Det var eindel Sandsvaler og nokre låvesvaler i lufta men dei gjekk ikkje ned i kanalen.

Hadde også ei sannsynleg Gulerle over nettet.

John Grønning  8. juli 2010

Åtselgribben i Bjerkreim igjen!

Åtselgribben dukka som kjent opp igjen laurdag 8.5. Det var ein bonde på Oremoen som ringte meg og fortalte at gribben var sett på jordet hans. Fuglen blei ikkje sett igjen før meg og Rune fant han igjen på kvelden. Det var vel 20-25 personar som rakk å sjå han før det blei for mørkt. På søndagen var det jamnt sig av folk innom og fekk sett Åtselgribben. Mandagen var gribben sjeldan på vengene i snøveret og han blei ikkje sett igjen på tirsdagen. Kanskje har vergudane skremt han sydover igjen?

John Grønning 16. mai 2010

Åtselgribb i Bjerkreim!

På søndag kom meldinga om at det var sett ein Åtselgribb over matningsdal i Hå. Sjokkbølga slo innover fuglafolka! Sanselaust.

Fuglen blei ikkje sett igjen den dagen eller mandagen. Heller ikkje tirsdagen blei gribben sett, før i halv 10 tia på kvelden. På morgenen sto det fleire folk på Lassaskaret og venta i håp om at gribben sko dukka opp. I halv 10 tida skrudde Åtselgribben opp frå område mellom Homsevatnet og Skinnansfjellet før han trakk over Brusali og karten til vill jubel frå dei som fekk oppleva han. Ei kort oppvisning i 12 tida var siste syn av fuglen før han forsvant i ukjent retning.

John Grønning  7. mai 2010

Vipeoppdatering Lund

Ein rundtur i Lund ga heller nedslåande resultater. Kun 1 par fant eg, på Tekse på Ualand. Eg trur eg fekk med meg alle jordane frå Lundevatnet til Rusdal og Heskestad til Ualand.
Har høyrt igjen vipene på Tengesdal dei siste dagane. Det var gjildt å høyra dei igjen då eg kom ut den eine morgonen.
På Eigerøy ser det ut til å vere 10-20 territorier frå Skadberg og utover.

John Grønning 14. april 2010

Mandarinanda

Ei Mandarinand har vore ved Eikunda den siste veka. Ein utruleg flott fugl.

John Grønning  7. februar 2010

Kattugle i sjøhus!

Eg fekk telefon angåande ei ugle som hadde kome seg inn ei sjøbod på Eigerøy. I lag med Rune svingte eg innom for å sjekka kva art det var snakk om. Det synte seg fort at det var snakk om ei Kattugle. Då var spørsmålet om hu var ringmerka. Etter fleire forsøk på å fanga ugla, fekk me tilslutt fanga hu. Det synte seg at Kattugla var ringmerka av Ivar Sleveland i Kontrari i Egersund 15.5.09.

John Grønning 18. januar 2010

Isfugl i Gådå

Fekk telefon i dag frå Dag Norman Sværi om at det var Isfugl i Gådå. På det tidspunktet passerte meg og Rune E mandal på retur etter å ha vore i Grimstad og sett på vinterjunkoen der. Etter å ha sluppet av Rune, kjørte eg direkte til Gådå og fekk sett og høyrt Isfuglen! Vannriksa var også på plass i sivet.

John Grønning  2. januar 2010

Rørdrum på Hellviksvatnet

Fekk telefon i dag angåande ein Rørdrum som blei sett i 3-tida i går ettermiddag på Hellviksvatnet på Hellvik. Fekk oversendt bilder via Ivar og har lagt dei ved her.
Observatør er Rune Slettebak.

John Grønning  1. januar 2010

Silkeheigre i Bjerkreim!!

Eg fekk telefon på mandag morgen om ein kvit antatt Silkeheigre som gjekk på eit jorde på Bjerkreim. Fekk Dag Norman Sværi til å sjekke den opp og han bekrefta fuglen ein halvtime seinare.
Då var det bare å gje beskjed til kunden eg var sjå at eg måtte reise. Kom fram og fekk sett fuglen før eg reiste heim og henta fotoutstyret. Heigra var utruleg sky og eg tok kun dokumentasjonsbilder før eg lot fuglen vere i fred. Silkeheigra blei sett kort på Soksemone og i flukt over Tengesdal dagen etter. Sidan er den ikkje sett. 1.ste funn i Bjerkreim og eit utruleg seint eit i Norge..

John Grønning  1. desember 2009

Mandarinand i Lygre

Var innom og sjekket fuglelivet i Lygre seint på ettermiddagen i dag, søndag 29/11. Blandt endel ender i bukta ved Fuglodden lå der en fin mandarinand hann og flottet seg. fint syn! Det er kanskje samme hann som har vært å se flere steder her i distriktet denne høsten. Ellers av vannfugl. 25 toppand,12 stokkand,9 kvinand,1 sangsvane,19 knoppsvane,8 ærfugl og 1 gråhegre

Ivar Sleveland 29. november 2009

Furukorsnebb på Skadbergsanden

såg ein flokk på 8 furukorsnebb på Skadbergsanden i ettermiddag. dei virka rimelig stabile i buskfuruene.

John Grønning 12. november 2009

God ringmerkingshelg på Rødland

God ringmerkingshelg på Rødland – 24 og 26 juli.

Ivar Sleveland 30. juli 2009

Glente.... Endelig!!

Lørdag morgen var eg ute og skåda på Heia i Bjerkreim. Eg sto på ein lite topp og scanna med teleskopet då eg oppdaga ei Glente som gjekk og plukka mat på eit jorde! Eg kjørte bort til jordet og fekk tatt nokre dokumentasjonsbilder av fuglen. Pga myting og ennå mørkt bånd på stjertenden blei fuglen bestemt til 2k. Glenta jakta rolig i området mellom Eikeland og Gåsland i ca 10 minutter før hu gjekk ned bak eit høydedrag og eg såg hu ikkje igjen til tross for at eg venta 1 time.
Ifølge ein bonde har fuglen sansynligvis vore der i 14 dager.

John Grønning 21. juni 2009

Trostesanger i Gådå!

Natt til mandag oppdaga Egil Ween ein syngande Trostesanger i Gådå. Eg reiste ut rett etter at meldinga kom ut på BV'en og fekk høyra fuglen syngande i Bjerkreim. Eit etterlengta bjerkreimskryss for meg. På veg heim igjen reiste eg innom travbanen og fekk høyra ein syngande Myrsanger rett utanfor bilvinduet! Begge fuglane har vist seg fram for tilreisande fuglekikkare etterpå.

John Grønning  3. juni 2009

Tidleg hekking for mange arter i år.

Den tidlege våren gjer at hekkesesongen er i full gang.

Roald Lomeland 17. mai 2009

Mandarinand i Lygre

Søndag 15 mars observerte naboen - Egil Thunestvedt, en flott Mandarinand hann i Lygre. Kanskje er det samme fugl som har holdt seg ved Kvassheim i Hå? siden den ikke er sett der i det siste. Håper den vil holde seg i Lygre en stund fremmover, slik at flere får studere denne serdeles fine anda.

Ivar Sleveland 17. mars 2009

Tundragjess på Tengesdal

6 Tundragjess sto på Tengesdal i ettermiddag. Dette er sansynlegvis dei same som blei sett av ISL og GBK for ei vekes tid sidan i same området.

John Grønning  3. desember 2008

Gådå

Sidan 16.10 har det vore over 1700 Starer som har kome inn for overnatting i Gådå. Det var også 800+ Rødvingetrost på jordene den 20.10. Høgaste dagstall har vore 60+ Svarttrost. Også Bok/Bjørkefink har vore tallrike med den største flokken på over 500 stk.

John Grønning 22. oktober 2008

Perleugle i Egersund

En perleugle dukket opp i en garasje i Egersund 25.9.08. Fuglen ble ringmerket og sluppet ut i Årstadfjellet.

Johan Tore Rødland  7. oktober 2008

Åkerrikse

Ei Åkerrikse skal iflge Tollef Helleren vere på Refssland i Eigersund. Den skal ha vore der dei siste 14 dagane.

John Grønning 27. juli 2008
Velg år
  1. 2000
  2. 2001
  3. 2002
  4. 2003
  5. 2004
  6. 2005
  7. 2006
  8. 2007
  9. 2008
  10. 2009
  11. 2010